Cree-montagnais-naskapi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cree-montagnais-naskapi-språket)
Cree-montagnais-naskapi (også omtalt som cree) er ei kjede av algonkinske dialektar eller nærskylde språk som blir tala av 117 410 menneske i Canada[1] og 100 i Montana i USA. Ein skil mellom ni ulike dialektar/språk:
| Dialekt | Blir tala i |
|---|---|
| Prærie-cree (engelsk Plains Cree) | British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Northwest Territories, Montana |
| Skog-cree (engelsk Woods Cree) | Saskatchewan, Manitoba |
| Myr-cree (engelsk Swampy Cree) | Saskatchewan, Manitoba, Ontario |
| Elg-cree (engelsk Moose Cree) | Ontario |
| Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) | Quebec |
| Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) | Quebec |
| Naskapi (engelsk Naskapi) | Quebec |
| Atikamekw (engelsk Atikamekw) | Quebec |
| Vest-montagnais (engelsk Western Montagnais) | Quebec |
| Aust-montagnais (engelsk Eastern Montagnais) | Quebec, Newfoundland |
Viktige dialektskilnader [endre]
Det er vanleg å skilje dei ni dialektane frå kvarandre på grunnlag av utviklinga av proto-algonkinsk *r (Leonard Bloomfields *l); merk at skog-cree stort sett har ð, bortsett frå eit område lengst vest i Saskachewan, som har r:[2][3][4]
| Dialekt | Utviklinga av proto-algonkinsk *r |
|---|---|
| Prærie-cree (engelsk Plains Cree) | y |
| Skog-cree (engelsk Woods Cree) | ð / r |
| Myr-cree (engelsk Swampy Cree) | n |
| Elg-cree (engelsk Moose Cree) | l |
| Nordleg aust-cree (engelsk Northerm East Cree) | y |
| Sørleg aust-cree (engelsk Southern East Cree) | y |
| Naskapi (engelsk Naskapi) | y |
| Atikamekw (engelsk Atikamekw) | r |
| Vest-montagnais (engelsk Western Montagnais) | l |
| Aust-montagnais (engelsk Eastern Montagnais) | n |
Fotnotar [endre]
- ↑ Statistics Canada. 2006 Census. Various languages spoken
- ↑ S. 8–10 i: H. Christoph Wolfart 1973. Plains Cree: A grammatical study. (Transactions of the American Philosophical Society. New Series–Vol. 63, Part 5.) Philadelphia: The American Philosophical Society.
- ↑ S. xx–xxii i: C. Douglas Ellis 2000. Ê-ililîmonâniwahk. Spoken Cree. West Coast of James Bay. Vol. 1, Level I. Edmonton: The University of Alberta Press.
- ↑ Jf. artikkelen Cree language på engelsk Wikipedia.