Newfoundland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den kanadiske provinsen tidlegare kalla Newfoundland, sjå Newfoundland og Labrador.
Newfoundland
Tettstaden Twillingate på Newfoundland.
Tettstaden Twillingate på Newfoundland.
Geografi


Stad Nord-Atlanteren
Koordinatar 49°00′N 56°00′WKoordinatar: 49°00′N 56°00′W
Areal 111 390 km²
Høgaste punkt The Cabox (814 m moh.)
Administrasjon
Land Canada
Provins Newfoundland og Labrador
Demografi
Folketal 505 409 (2006)

Newfoundland (fransk Terre-Neuve, irsk Talamh an Éisc, latin Terra Nova) er ei stor øy utenfor nordaustkysten av Nord-Amerika og den tettast folkesette delen av den kanadiske provinsen Newfoundland og Labrador.

Newfoundland er skild frå Labrador-halvøya av Belle Isle-stredet og frå Cape Breton Island av Cabot-stredet. Provinshovudstaden St. John's ligg på den søraustlege spissen av øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane på Newfoundland var truleg forfedrane til beothukane som haldt til på øya då ho blei oppdaga av europearar. Dette urfolket og kulturen deira døydde ut på grunn av koloniseringa. Den siste beothuken, Shanawdithit, døydde i St. John's i 1829 av tuberkulose.

Det er funne restar etter vikingbustader på L'Anse aux Meadows nord på Newfoundland, som er rekna som staden vikingar leia av Leiv Eirikson slo seg ned på i det dei kalla Vinland. Dette er det einaste arkeologiske beviset på europeisk kontakt med Nord-Amerika i før-kolumbisk tid.

Øya opplevde seinare innvandring frå fleire europeiske land, særleg fiskarar frå Irland og Frankrike på grunn av dei gode fiskebankane i havet utanfor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Newfoundland
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.