Crude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crude
Opphavsland USA
Språk engelsk, spansk
Regissør Joe Berlinger
Produsent Joe Berlinger
Michael Bonfiglio
J.R. DeLeon
Richard Stratton
Musikk Wendy Blackstone
Utgjevingsår 2009
Lengd 100 min.
«Crude oil» er den engelske nemninga for «råolje», sjå artikkelen råolje for meir informasjon.

Crude er ein dokumentarfilm av Joe Berlinger frå 2009. Han følgjer eit gruppesøksmål mot oljeselskapet Chevron i Ecuador.

Dokumentarfilmen følgjer framdrifta av ei USD 27 milliardar juridisk sak klaga mot Chevron Corporation etter oljeverksemd i oljefeltet Lago Agrio, eit tilfelle òg kjent som «Amazonas sitt Tsjernobyl».

Søksmålet er på vegne av om lag 30 000 menneske av siona, cofán, kichwa og lokale bønder som lever i Amazonas-regnskogen. Dei hevdar jorda har vorte ureina av oljeindustrien. I tillegg til den juridiske kampen, viser Crude intervju frå begge sider, og utforskar påverknaden av mediestønad, kjendisaktivisme, makta til multinasjonale selskap, dei skiftande makttilhøva i ecuadoriansk politikk, og kulturar av urfolk som er i ferd med å gå under.

Filmen blir avslutta med ymting om at den juridiske saka ikkje vil bli løyst før om eit tiår eller så.

Intervju[endre | endre wikiteksten]

  • Juan Diego Perez
  • Pocho Alvarez
  • Joe Berlinger, produsent
  • Michael Bonfiglio
  • Sting, artist og medskipar av Regnskogfondet
  • Trudie Styler, aktivist, produsent og medskipar av Regnskogfondet saman med ektefellen Sting
  • Adolfo Callejas, ecuadoriansk advokat på vegne av Chevron-Texaco
  • Steve Donziger, advokat frå USA på vegne av plaintiffs
  • Pablo Fajardo, ecuadoriansk advokat på vegne av plaintiffs
  • Diego Larrea, ecuadoriansk advokat på vegne av Chevron-Texaco
  • Rafael Correa, president i Ecuador
  • Sara McMillen, vitskapleg talsmann for Chevron
  • Ricardo Reis Veiga, representant for Chevron i Latin-Amerika

Stemning av opptaka[endre | endre wikiteksten]

Den 6. mai 2010 tok den føderale dommaren Lewis Kaplan parti for eit rettsleg krav sendt inn av Chevron og avgjorde at Berlinger skal overlevere meir enn 600 timar med originale opptak gjort for filmproduksjonen. Chevron hadde prøvd stemninga av opptaka som ein del av det pågåande søksmålet diskutert i filmen.

Mottak[endre | endre wikiteksten]

Per 23. mars 2010, gav filmen samla ein 95 % gradering på Rotten Tomatoes, 100 % er topp kritikk.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Vinnar av[1]

  • National Board of Review: Best Documentaries of the Year, 2009.
  • One World Media Awards: Best International Documentary, Joe Berlinger, 2009.
  • Independent Film Festival of Boston: Grand Jury Prize, Documentary, Joe Berlinger, 2009.
  • Yale Environmental Film Festival: Grand Jury Prize, Documentary, Joe Berlinger, 2009.
  • Thessaloniki Documentary Film Festival: World Wildlife Fund Documentary Award, Joe Berlinger, 2009.
  • AFI Dallas International Film Festival: Current Energy Filmmaker Award, Joe Berlinger, 2009.
  • Big Sky Documentary Film Festival: Best Editing, Programmer's Choice, Joe Berlinger,[2] 2009.
  • Nashville Film Festival: Human Spirit Award, Joe Berlinger, 2009.
  • 27e Festival International du Film d’Environnement: Grand Prize, 2009.
  • Santa Cruz Film Festival: EarthVision Environmental Film Award, 2009.
  • Reel Earth Film Festival New Zealand: Reel Earth Award, International Features, 2009.
  • Mexico International Film Festival: Best Documentary Film, 2009.
  • Docúpolis International Documentary Film Festival: OFF Docúpolis Award, 2009.
  • Traverse City Film Festival: Special Jury Prize for Environmental Documentary, 2009.
  • Puerto Vallarta Film Festival: Elizabeth Taylor Humanitarian Award, 2009.
  • Whitaker St. Louis International Film Festival: Lifetime Achievement Award in Documentary, 2009.
  • Red Nation Film Festival: Brando Award, 2009.
  • Jacksonville Film Festival: Shining Light Award, 2009.
  • Amazonas Film Festival: Audience Award, Documentary, 2009.
  • Cinema for Peace: International Green Film Award, 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]