Cumbre Vieja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Caldera de Taburiente og Cumbre Vieja, La Palma, Kanariøyane (sør er opp, nord nede)

Cumbre Vieja er ein aktiv vulkanrygg på øya Isla de La Palma i Kanariøyane.

Ryggen går frå nord til sør og dekkjer den sørlege tredjedelen av øya. Ryggen består av fleire vulkankrater

Vulkanhistorie[endre | endre wikiteksten]

La Palma er ei vulkansk øy. Ho er bratt og for tida den vulkansk mest aktive på Kanariøyane. Historiske utbrot frå Cumbre Vieja har skjedd i 1470, 1585, 1646, 1677, 1712, 1949 og 1971.

1949-utbrotet[endre | endre wikiteksten]

I 1949 opna tre ventilar seg, Duraznero, San Juan og Hoyo Negro og lava kom ut. Under utbrotet oppstod òg to jordskjelv med episenter nær Jedy. Jordskjelvet skapte ei 2,5 km lang sprekk, om lag 1/10 av lengda til Cumbre Vieja. Dette førte til at den vestlege halvdelen av Cumbre Vieja flytta seg ein meter til sides og to meter nedover mot Atlanterhavet.[1][2] Sprekka er framleis synleg og har same dimensjonane som i 1949.

Ein reknar med at prosessen vart driven av trykket som den stigande magmaen og det overoppvarma vatnet fanga inne i vulkanen skapte. Vatn under eit slikt stort trykk fordampar ikkje, men vatnet utvida seg og kan ha vorte pressa sidevegs i vulkanen. Dette skapte dei to jordskjelva under utbrotet.

Bevis for dette er at ein ikkje fekk freatomagmatiske eksplosjonar med damp som eksplosivt vart sprøyta ut av vulkanen.

1971-utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Utbrotet i 1971 skjedde sør i Cumbre Vieja ved Teneguia-ventilen. Utbrotet var hovudsakleg strombolisk og lava kom ut. Ein fekk ikkje same seismiske aktivitet som i 1949.

Framtidig trussel[endre | endre wikiteksten]

Bananplantasjar ved Cumbre Vieja.

Day et al (1999)[3] og Ward og Day (2001)[4] har kome med hypotesar om at den vestlege halvdelen av Cumbre Vieja, eit område på 500 km³, kan rase ut under eit framtidig utbrot. Dette vil i så fall føre til eit katastrofalt jordras ut i Atlanterhavet som vil skape ein såkalla megatsunami. Datamodellar har indikert at høgda på ei bølgje lokalt kan verte 600 meter, med ein avstand mellom bølgjetoppane på 2 km og ein fart på 1000 km/t. Den afrikanske kysten vil dermed verte råka innan ein time, sørkysten av England etter 3,5 time og austkysten av Nord-Amerika etter om lag 6 timar. Bølgjene vil då ha delt seg opp i mindre delar og vorte 30 til 60 meter høge. Modellane til Day et al[3] og Ward og Day[4] indikerer at bølgjene kan trenge 25 km innover land og gjere enorm skade.

Det er likevel omstridd om kor stor trusselen ved Cumbre Vieja er.[5] Nyare indikasjonar er at jordrasa kan kome gradvis og derfor ikkje skape den enorme tsunamien som eit stort ras vil skape.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cumbre Vieja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bonelli Rubio, J.M., 1950. Contribucion al estudio de la erupcion del Nambroque o San Juan. Madrid: Inst. Geografico y Catastral, s. 25.
  2. Ortiz, J.R., Bonelli Rubio, J.M., 1951. La erupción del Nambroque (junio-agosto de 1949). Madrid: taleres del Instituto Geográfico y Catastral, s. 100, 1h. pleg.;23 cm
  3. 3,0 3,1 Day, S. J; Carracedo, J. C; Guillou, H. & Gravestock, P; 1999. Recent structural evolution of the Cumbre Vieja Volcano, La Palma, Canary Islands: volcanic rift zone re-configuration as a precursor to flank instability. J. Vulkanl. Geotherm Res. 94, 135-167.,
  4. 4,0 4,1 Ward, S. N. & Day, S. J; 2001. Cumbre Vieja Volcano; potential collapse and tsunami at La Palma, Canary Islands. Geophys. Res. Lett. 28-17, 3397-3400. http://www.es.ucsc.edu/~ward/papers/La_Palma_grl.pdf
  5. Pararas-Carayannis, G; 2002. Evaluation of the Threat of Mega Tsumami Generation from Postulated Massive Slope Failure of Island Stratovolcanoes on La Palma, Canary Islands and on The Island of Hawaii, George, Science of Tsunami Hazards, Vol 20, No.5, s 251-277.

Koordinatar: 28°34′N 17°50′W.