Curiosity
Curiosity (tidlegare Mars Science Laboratory, forkorta MSL) er ein NASA-rover som vart skoten opp 26. november 2011. Han er venta å landa ved foten av eit fjell i Gale-krateret på Mars 26. august 2012.[1] Roveren er tre gonger så tung og dobbelt så vid som Mars Exploration Rover-ane som landa i 2004. Roveren vil ha med seg meir avanserte vitskaplege instrument enn det noko anna marsferd har hatt så langt. På marsoverflata vil Curiosity analysera eit dusin av prøver av marsjorda og pulver ifrå boringar i steinar. Forventa levetid til Curiosity er på eitt marsår, eller omtrent 2 jordår. Sonden vil utforska eit mykje større område enn det tidlegare marsroverar har gjort, og har som mål å undersøkja om Mars no og/eller i fortida kan ha eller har hatt føresetnadar for liv.
[endre] Kjelder
|
|
||
|---|---|---|
| Passeringar | Mariner 4 • 6 • 7 • Mars 4 • Rosetta • Dawn | |
| Banesondar | Mariner 9 • Mars 2 • 3 • 5 • 6 • Viking 1 • 2 • Phobos 2 • Mars Global Surveyor • 2001 Mars Odyssey • Mars Express • Mars Reconnaissance Orbiter • Fobos-Grunt og Yinghuo-1 (2009) | |
| Landarar / Robotiske romkøyretøy | Mars 3 • Viking 1 • 2 • Mars Pathfinder • Spirit • Opportunity • Phoenix • Curiosity | |
| Framtidige ferder | MAVEB (2013) • ExoMars (2016) • Astrobiology Field Laboratory (2016) • Mars sample return mission (2018) | |
| Sjå òg | Mars • Utforsking • Kolonisering • Mislykka marssondar | |
| Utheva og skrå skrift viser til aktive ferder | ||