Częstochowa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Częstochowa
Jasna Góra-klosteret
Jasna Góra-klosteret
Flagget til Częstochowa Byvåpenet til Częstochowa
Flagget til Częstochowa Byvåpenet til Częstochowa
Motto
«Częstochowa to dobre miasto»
(Częstochowa er ein bra by)
Plassering
Częstochowa is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Schlesiske voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
1000-talet
1356
Borgarmeister Tadeusz Wrona
Geografi
Flatevidd
 - By

160 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

246 129
  1538/km²
Koordinatar 50°48′0″N 19°7′0″EKoordinatar: 50°48′0″N 19°7′0″E
Diverse annan informasjon
Postnummer 42-200 til 42-229, 42-263, 42-271, 42-280, 42-294
Telefon-retningsnummer +48 34
Bilnummer SC
Nettstad: www.czestochowa.pl


Częstochowa [t​͡ʂɛ̃stɔˈxɔva] (tysk Tschenstochau, jiddisk טשענסטעכאוו-Chenstekhov) er ein by sør i Polen ved elva Warta. Han har om lag 250 000 innbyggjarar. Han høyrer til Schlesiske voivodskap og var tidlegare hovudstad i Częstochowa voivodskap (1975-1998).

Byen er kjend for det paulinsk klosteret Jasna Góra der måleriet Den svarte Madonna, ein heilagdom av Jomfru Maria, finst. Kvart år reiser millionar av pilegrimar frå heile verda til Częstochowa får å sjå det. Det er òg eit arkeologisk utgravingsområde etter Lausitzkulturen ved byen og 15 km utanfor byen, i Olsztyn, står ei borg frå mellomalderen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på byen tyder «staden til Częstoch» og kjem frå førenamnet Częstoch som i skriftlege kjelder frå mellomalderen òg vert skrive som Częstobor eller Częstomir. Alternative stavemåtar på polsk for dette bynamnet er Czanstochowa (1220) eller Częstochow (1382, 1558).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Częstochowa