Døgnfluger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døgnfluger


Døgnfluge
Døgnfluge

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Palaeoptera
Orden: Ephemeroptera
Vitskapleg namn
Ephemeroptera
Hyatt & Arms, 1891

Døgnfluger (Ephemeroptera) er ei gruppe primitive flygande insekt som finst over heile verda. Ein finn dei som regel i nærleiken av ferskvatn, sidan nymfestadiet deira er heilt vasslevande.

Namnet sitt har døgnflugene fått fordi dei har så kort levetid på land. Sjølv om dei vasslevande nymfene ofte kan leva i godt over eitt år, lever dei kjønnsmogne vaksne individa berre mellom nokre få timar og nokre få dagar, avhengig av art.

Det er registrert om lag 2100 artar døgnfluger i heile verda, 44 av desse finst i Noreg[1]

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Døgnfluger er spinkle insekt som ein enklast kjenner att på dei tre (stundom to) lange haletrådene. Kroppslengda er frå 3 til 38 mm. Dei har oftast to par vengjer, kor det første alltid er lengst. Dei kan ikkje falda vengjene over kroppen, og heldt dei difor rett opp når dei sit og kviler.

Forbeina er særs forlenga hjå hannane, og vert nytta til å fanga hoa i flukt. Andre og tredje beinpar kan vera redusert; hjå hoer kan dette gjelda alle beina. Vaksne individ tek ikkje til seg føde, og gjer ikkje anna enn å formeira seg før dei døyr.

Nymfene er oftast sylinderforma eller avflata som ei tilpassing til straum. Dei har haletråder som dei vaksne, og ber i tillegg gjeller på bakkroppen. Desse syt for oksygentilgong til trakèsystemet.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Døgnflugenymfer er mellom dei viktigaste virvellause dyra i rennande vatn, og finst òg hyppig i strandsona i innsjøar. Utbreiinga deira er, iallefall i Noreg, stort sett fastsett ut frå abiotiske miljøtilhøve som temperatur, botnsubstrat, vasskvalitet og straum. Ein har gjennom fauna-undersøkingar av døgnfluger kome fram til at fleire av dei er gode indikatorartar, særleg for surt vatn.

Fem artar er oppført på Norsk Raudliste 2006.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brittain, John; Nøst, Terje & Arnekleiv, Jo Vegar (1996): "Ephemeroptera - Døgnfluer" i Aagard, Kåre & Dolmen, Dag (redaktørar): Limnofauna Norvegica - katalog over norsk ferskvannsfauna.' Tapir Forlag, Trondheim. ISBN 82-519-1214-8
  2. Aagard, Kåre; Dolmen, Dag; Andersen, Trond; Bongard, Terje; Kjærstad, Gaute & Solem, John O.: "Døgnfluer, øyenstikkere, steinfluer og vårfluer" i Norsk Rødliste 2006]. Artsdatabanken 2006.