DONG Energy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

DONG Energy er eit dansk energiselskap med verksemd i Danmark, Noreg, Sverige, Tyskland, Nederland og Storbritannia. Den danske staten skipa i 1972 Dansk Naturgas A/S, som året etter skifter namn til Dansk Olie og Naturgas A/S (DONG). Forkortinga DONG har etter kvart vorte namnet på selskapet. Selskapet var tidleg på 1980-talet engasjert i transportsystem for petroleum og naturgass i Danmark. I ettertid er aktiviteten utvikla til å omfatta leveransar av elektrisk energi. I tillegg er selskapet involvert i forsking, leiting etter og utvinning av råolje og naturgass.

I Noreg er selskapet representert med dotterselskapet DONG Norge AS. Selskapet har kontor i Stavanger der selskapet si verksemd på norsk kontinentalsokkel vert ivareteke. Selskapet er den tiande største eigaren av rettar til norsk kontinentalsokkel, med reserver hovudsakleg i naturgassfeltet Ormen Lange-feltet. Andre felt der selskapet har eigardelar er Gydafeltet, Glitnefeltet, Tambarfeltet og Ulafeltet. I 2002 kjøpte DONG Statoil sine eigardelar på dansk kontinentalsokkel. DONG vart då operatør for Sirifeltet.

DONG Energy vart danna våren 2006 som resultatet av ei samanslåing av seks danske energiselskap. Desse var DONG, Elsam, ENERGI E2, Nesa, Københavns Energi sin elaktivitetar og Frederiksberg Forsyning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]