Hans Christian Ørsted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hans Christian Ørsted

Hans Christian Ørsted (14. august 17779. mars 1851) var ein dansk fysikar og kjemikar. Han er kjend som den første som framstilte aluminium i 1825, og for å ha oppdaga at det er samband mellom elektrisitet og magnetisme. Oppdaginga til Ørsted var at det rundt ein straumførande leidning finst eit magnetfelt. Han vart merksam på dette ein dag då han skulle gjere eit forsøk på å varme opp ein leidning ved å sende sterk straum gjennom han. I rommet der han utførte eksperimentet låg det tilfeldigvis ei kompassnål i nærleiken av leidningen. Ørsted oppdaga at kompassnåla rørte på seg når han sette på straumen.

Denne samanhengen hadde eignetleg den italienske fysikaren Gian Domenico Romagnosi oppdaga 18 år tidlegare, men han fekk ikkje offentleggjort det. Ørsted offentleggjorde funna sine om dette i 1820. Oppdaginga til Ørsted om at elektrisk straum medfører magnetisme førte Michael Faraday inn eit forsøk på å gjere det motsette: å omdanne magnetisme til elektrisitet. 11 år etter at Ørsted hadde offentleggjort oppdaginga si lukkast Faraday med å indusere ein elektrisk straum ved hjelp av magnetisme.

Ørsted (Oersted) har fått ei måleining kalla opp etter seg, Oe, for magnetisk feltstyrke. Ørsted var òg ein framgangsrik kjemikar og var til dømes den første som klarte å utvinne aluminium av kaliumamalgam og aluminiumklorid. Han var òg aktiv i arbeidet for å fremme naturvitskapen i Danmark, og grunnla Selskabet for Naturlærens Udbredelse. Han var ein ven av Hans Christian Andersen.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]