Dadar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dadar
forstad
Land  India
Kart
Dadar
19°01′05″N 72°50′41″E / 19.017980555556°N 72.844763888889°E / 19.017980555556; 72.844763888889
Wikimedia Commons: Dadar

Dadar ([d̪aːd̪əɾ], marathi for ‘stige’)[1] er eit tett folkesett bustad- og handleområde i Mumbai. Det er òg eit viktig jernbane- og bussknutepunkt for lokal og nasjonale ruter.[2] Det var det fyrste planlagde området i Mumbai, og er eit knutepunkt for marathi-kulturen i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet vart området kjent som nedre Mahim fordi det låg på øya Mahim, ei av dei sju øyane i Mumbai som etter Bombay-øya var den viktigaste under heile den portugisiske perioden.[3] Dei portugisiske fransiskanarane bygde ei kyrkje her i 1596, Nossa Senhora de Salvação, som i dag er kjend som Portuguese Church og er eit kjent landemerke for Dadar.[4]

Dadar-Matunga-Wadala-Sion-prosjektet frå 1899 til 1900 var den fyrste planlagte utbygginga av forstader for byen. Bombay Improvement Trust utforma planen for å utbetra trengselen i sentrum av byen etter pestepidemiane der på 1890-talet. Etter planen skulle 60 000 menneske få husvere i Dadar-Matunga og like mange i Sion-Matunga. 85 000 menneske skulle husast i Sewri-Wadala.

Utsyn over Chhatrapati Shivaji Maharaj Park.

I 1937 var Shivaji Park og områda rundt blitt bygde ut. Parken skulle bli ein viktig scene i det politiske dramaet som førte til indisk sjølvstande. Seinare har parken òg vore viktig for politisk historie i Mumbai.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Dadar jernbanestasjon

Dadar er ein viktig endestasjon på både Wester og Central-linjene til Mumbai Suburban Railway-nettverket. Som den einaste felles jernbanestasjonen for både sentrale og vestlege linjer, er han eit transittpunkt for mange passasjerar som nyttar Suburban Railway.

Parkar og strand[endre | endre wikiteksten]

Dadar Chowpatty

Dadar Chowpatty (strand) er ein valfartsstad for lokale familiar med hav, sand og snacksutsal. Andre parkar på staden er Five Gardens ved Parsi Colony, Veer Kotwal Udyan og Vaidya Udyan langs Lakhamsi Nappu-vegen.[5]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Matretten vada pav blei oppfunnen utanfor Dadar-stasjonen i 1971, av Ashok Vaidya. Retten består av ei potetkake (vada) servert mellom to stykke brød (pav).[6] I tillegg til vada pav er Dadar òg populær for tradisjonell maharashtrisk mat som batata vada, thalipith, sabudana vada, misal pav, usal pav, puri bhaji, pithla bhakri, piyush (ein søt drikk) og lassi. Det finst òg restauranter som serverer mat frå udupi-, panjabi-, nordindiske, kinesiske, thailandske og andre tradisjonar her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]