Marathi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marathi
मराठी
Klassifisering indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   sørleg
    marathi
Bruk
Tala i India
Område Maharashtra og nokre av nabostatane
Marathitalande i alt 68 millionar
Rangering 15
Skriftsystem Devanagari
Offisiell status
Offisielt språk i Maharashtra
Språkkodar
ISO 639-1 mr
ISO 639-2 mar
ISO 639-3 mar

Marathi (मराठी [marāṭhī], uttalt məˈrɑːti;[1]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg blir tala av rundt 83 millionar marathiar i Maharashtra i India. Det er offisielt språk i Maharashtra og offisielt bispråk i Goa, og er nemnd i den indiske grunnlova som eitt av 22 nasjonalspråk. Noko av den eldste litteraturen på alle moderne indiske språk er skrive på marathi, med verk som stammar frå rundt år 600.[2]

Marathi er rekna som det 10. mest talte språket i verda og det tredje mest talte i India, etter hindi og bengali.[3] Utanfor India er språket, i sin variant jødisk marathi, også brukt i Israel av om lag 60 000 Bene Israel-jødar.

Språket skil mellom inklusiv og eksklusiv vi, og har tre grammatiske kjønn (hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn). Dei største dialektgruppene innan marathi er standardmarathi og varhadi.[4] Språka koli, agri og malvani-konkani har sterk påverknad frå marathi.

Marathitalande område.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marathi er eit indoeuropeisk språk og er derfor fjernt i slekt med norsk. Som mange andre indiske språk har marathi opphavet sitt i eit prakrit, talespråk som vart brukt mellom 200-talet f.Kr. og 1000-talet. Prakrita hadde nært slektskap med standardisert sanskrit, men var mykje yngre. Marathi stammar frå maharashtri, som var det offisielle språket i Satavahana-riket. Maharashtri vart det mest brukt prakritet i si tid og har ein rik litteratur. Marathi utvikla seg frå maharashtri mellom 1000-talet og 1200-talet. Av alle indoariske språk har marathi vorte mest påverka av dei dravidiske språka.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Marathi, saman med bengali, har den eldste ubrotne litterære tradisjonen av dei moderne nordindiske språka. Dei eldste marathi-tekstane er frå 1000-talet, men marathi-litteratur blomstra med bhakti-rørsla, ei gudfryktig rørsle som spreidde seg over heile India i 1300-talet. Mange av dei største persondomane i bhakti-rørsla skreiv på marathi. Døme på dette er Jñánesjvar, diktaren som skreiv Jñánesjvari, den eldste tolkinga av Bhagavad Gita i eit moderne talespråk, og Námdev, ein diktar som skreiv songar både hinduar og sikhar ser på som heilage - mange av dei er samla i Guru Granth Sahib. Tidlegare diktarar inkluderer Eknath, som omsatt mange sanskritdiktar til marathi, og Tukaram, som fann opp ei ny litterærform som heiter abhang ('ubrotne hymner') og skreiv mange av dei best kjente songane i den indiske folkelitteraturtradisjonen.

I tillegg til gudfryktige dikt har marathi også ein lang tradisjon av balladar om heltar. Desse dikta, som heiter povádá, er mest knytte med 1600-talet, då Maratha-riket under den første kongen sin Shivaji kjempa mot Mogulriket under Aurangzeb. Marathi er det einaste nordindiske språket med ein tradisjon for heltedikt. Det finst også ein unik litteratur skriven av marathi-talande utvandrarar som budde i Thanjavur i Tamil Nadu, som har vorte påverka av den tamilske litterærtradisjonen.

Moderne marathi-litteratur byrja på 1800-talet då marathi-diktarar gjorde opprør imot tradisjonell litteratur, under påverking av europeiske rørsler. Den første av dei var Kesavasut, som på midten av 1800-talet blei påverka av nasjonalromantikk, og skreiv dikt om heimen, naturen og den ærerike fortida til marathiar. På 1900-talet blei sosialrealismen populær, særleg i dikt av ei gruppe som kalla seg sjølv Ravikiranmandal, som tyder 'solskinnslaget', og lagde vekt på dagleglivet til vanlege folk, og bruk av munnlege språkformer. Det moderne marathi-teatret byrja også i denne tida med Mama Varekar som, under påverking av Henrik Ibsen og George Bernard Shaw, byrja ein tradisjon av sosialrealistiske skodespel som enno er sterk i dag.

Den første marathi-romananen vart skriven i 1885 av Hari Narayan Apte. Romanen heitte Madhala sthithi ("mellomtilstanden"), og tok for seg måtar for å forbetra marathi-samfunnet på. Seinare forfattarar som V.M. Joshi, N.S. Phadke og V.S. Khandekar har i sine verk ordskiftast om slektskapet mellom kunst, moral og livet.

I dagens marathi-litteratur viser ei blanding av realisme og symbolisme som prøver å skildra menneske sitt liv i sin mangfaldige rikdom. Det best kjent moderne verket på marathi er Mrityunjaya, ein roman skrive av Shivaji Sawant, der forfattaren bruker indiske myter og eventyr, særleg om Krisjna, for å ta for seg spørsmål om korleis menneske bør leva på ei jord, der dei fleste levande lever som allereie daude.

Skrivemåte[endre | endre wikiteksten]

Det første verset i Jñánesjvari, skrive med modialfabetet
Video på marathi om korleis ein kan skriva marathi på datamaskin.

I dag blir marathi, som hindi og nepali, skrive med devanagarialfabetet. Men fram til 1840-talet vart marathi skrive med modialfabetet, eit alfabet som hadde sitt opphav i mauryi-brahmialfabetet, som devanagari, men vart endra i 1450-talet under påverking av sinhalaalfabetet for å gjera det lettare og fortare å skriva. Modialfabetet er svært forskjellig frå devanagarialfabetet, og ein må læra det for å kunne lesa det sjølv om ein kan devanagari.

Modi skil seg frå alle andre indiske alfabetet i at det ikkje gjer forskjell mellom lang og kort 'i', og lang og kort 'u'. Forskjellen mellom den lange og korte versjonen av desse vokalane er veldig liten i moderne marathi, sjølv om forskjellen er svært viktig i skriftspråket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laurie Bauer, 2007, The Linguistics Student's Handbook, Edinburgh
  2. arts, South Asian. Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica 2007 Ultimate Reference Suite.
  3. «Abstract of Language Strength in India: 2011 Census» (PDF). Censusindia.gov.in. 
  4. Dhoṅgaḍe, Rameśa; Wali, Kashi (2009). «Marathi». London Oriental and African Language Library (John Benjamins Publishing Company) 13: 101, 139. ISBN 9789027238139. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipediamarathi