Daguerreotypi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daguerreotypi av Louis Daguerre.

Daguerreotypi (utt. dagerrotypi) er den eldste forma for fotografi, ei vidareføring av camera obscura. Metoden fekk namn etter Louis Daguerre, som var med på å finna han opp og annonserte metoden i 1839. Daguerreotypien skilde seg frå tidlegare fotografiske metodar ved å kunna ta bilde på nokre minutt, og blei raskt teken i bruk for nyhenderapportering og portrettering.

Teknikk[endre | endre wikiteksten]

Daguerrotypiapparat.

Ein tek daguerreotypiar ved å la ljos frå fotoobjektet verka på ei blank metallplåte som har eit lag av eit ljossensitivt stoff, typisk sylvhalid. Ein får fram biletet ved at kvikksylvdamp bitt seg til ljoseksponerte partiklar av stoffet, og at desse blir fjerna, slik at mest stoff blir att på område som var mørke på objektet. Dette biletet blir fiksert gjennom at ein dyppar plåta i natriumsulfitt.

Daguerreotypiprosessen gjev eitt einaste bilete som ikkje kan kopierast. Det er så skjørt at ein kan øydeleggja det ved å ta på det, og sylvet kan oksiderast av luft. Det var difor vanleg å verna daguerreotypi med ei glassplåte, i nokre høve òg med ein inertgas (lite reagerande gas, som nitrogen).

Metoden vart vidareutvikla med portrettobjektivet frå Josef Maximilian Petzval, ei linse som sleppte inn meir ljos og gjorde at eksponeringstida kunne kortast ned til under eitt minutt. Ein fekk òg meir ljoskjenslevare plåter og fann ut at å handsama dei med gullklorid gjorde bileta både meir detaljerte og meir haldbare.

Trass i nyvinningane var likevel eksponeringstida lang, 60 til 90 sekund, og det var ikkje mogleg å laga kopiar av plåtene.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Utkledd barnegruppe i Montreal i 1855.

Ein nytta daguerreotypi til å dekka samtidige hendingar som Krimkrigen og Den amerikanske borgarkrigen, og til portrettfotografering. Medan metoden var strengt patentert i Europa, spreidde han seg fritt i Amerika, særleg med hjelp av oppfinnaren Samuel Morse. Ein blomstrande industri av omreisande fotografar som laga portrett for ein pris mange hadde råd til voks opp. Daguerreotypi blei også brukt til eksperimentering: Det første forsøket på stereofotografi og det første erotiske fotografiet blei teke med daguerreotypiapparat.

Oppfinninga av kalotypi i 1841, den første fotografiprosessen med negativ, var byrjinga på slutten til daguerreotypiindustrien. Ein heldt likevel fram med å ta daguerreotypiar fram til 1860-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Daguerreotypi