Damian Warner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Damian Warner


Statsborgarskap Canada
Fødd 4. november 1989 (34 år)
London
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2012 – Tikamp herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Tikamp menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Tikamp menn, VM i friidrett innendørs 2022 – Sjukamp menn

Utmerkingar

Northern Star Award

Damian David George Warner (fødd 4. november 1989) er ein kanadisk mangekjempar fødd i London i Ontario. Han vart olympisk meister i tikamp i 2021, tidlegare vann han VM-sølv i 2015 og bronsemedaljen under VM 2013, OL 2016 og VM 2019.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Warner forbetra sitt personbeste med over 300 poeng då han vart femtemann i tikampen under OL 2012 i London. Året etter forbetra han i Moskva-VM den personlege rekorden til 8 512 poeng og tok bronsemedaljen. Med 8 282 poeng vann Warner tikampen under samveldeleikane 2014 i Glasgow.

Ved verdsmeisterskapen i Beijing sanka Warner 8 695 poeng, sette kanadisk rekord og tok sølvmedaljen bak den suverene vinnaren, Ashton Eaton frå USA. I 2016 sikra Warner seg bronsemedaljen under sommarleikane i Rio de Janeiro. Han forbetra den kanadiske rekorden til 8 795 poeng då han i slutten av mai 2018 vann meistermøtet i Götzis, også i 2019 steig han til topps på sigerspallen i Götzis-stemnet.

Warner sigra i tikampen ved panamerika-leikane 2015 i Toronto. I 2019 forsvarte han i Lima tittelen som panamerika-meister. På tampen av same sesongen vart han tredjemann i verdsmeisterskapen i Doha. Etter eit heilt år utan tevlingar, kom Warner tilbake i sitt livs form då dei olympiske leikane vart avvikla i Tokyo. Den 4. og 5. august 2021 vann han OL-gull etter å han sanka heile 9 018 poeng. Han vart då den fjerde tikampkjempa som kleiv grensa 9 000 poeng.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]