Daniel og Miguel Falcon Græsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daniel og Miguel Falcon Græsdal
Daniel Miguel.png
Frå TrekkspelparadeAkershus Festning, 19. september 2010
Fødd 5. juli 1995 (18 år)
Instrument Trekkspel
Yrke Musikarar

Daniel og Miguel Falcon Græsdal (fødd 5. juli 1995 i Molde) er trekkspelarar frå Skodje i Møre og Romsdal. Tvillingane er kjend for å spele duett. I 2010 vann dei NM-gull i klassen for duettar i trekkspel (til og med 15 år), då dei oppnådde fleire poeng enn konkurrentane sine (105). Norgesmeisterskapet vart halde i Mo i Rana.[1] Året før vann dei NM-sølv i Orkdal (også til og med 15 år),[2] og i 2012 vann dei bronse i Namsos (frå og med 15 år). Saman med Ørskog Trekkspelorkesters gammeldansgruppe fekk dei bronse i 2011 i Skien.[3]

Duoen byrja å spele då dei var sju år gamle og held på framleis. Kvart år deltek dei på Distriktsmeisterskap og Norgesmesiterskap i trekkspel. Distriktsmeisterskapa har dei vunne fleire gongar, både som solistar og duo. Brørne spelar også for Ørskog Trekkspillorkester som dei har gitt ut plate med. Deira store draum er å vidareutvikle seg til dei er på eit høgt nivå, der dei kan bruke trekkspelet aktivt, til dømes til å undervise, delta på konsertar eller til dei kan halde eigne konsertar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Møre og Romsdal (4. juli 2010): Tvillingar (14) vann NM-gull, henta 9. januar 2013
  2. Kulturkalender.no (19. september 2010): Norsk trekkspillparade på Akershus festning, henta 9. januar 2013
  3. Trekkspillforbundet.no (3. juli 2011): Resultater fra NM i trekkspill 2011 , henta 8. januar 2013
  4. Drømmestripendet.no (2012): Miguel og Daniel Falcon Græsdal, henta 6. januar 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]