Skien kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skien)
Gå til: navigering, søk
Skien kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0806
Fylke Telemark
Adm.senter Skien
Areal 778 km²
Folketal 52 459 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Hedda Foss Five (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.skien.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0806.svg
Skien kommune på Commons

Skien, uttala /²ʃeːen/ [²ʃeːɛn̻], er ein kommune, administrasjonssenter og største by i Telemark fylke. Kommunen grensar til Sauherad og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.

Skien er den tiande største byen i Noreg. Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.

Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Skien voks fram der fallet frå Hjellevannet hindra vidare skipsfart oppetter Skienselva. Det tidlegaste dokumentet som viser byprivilegium er frå 1358. Utbygging av industri tok til på 1500-talet, med gruvedrift i Glasergruva, Fossum Jernverk og sagbruk som nytta fossefallet. Tømmerfløyting på elva kom i gang på 1600-talet, og Skien vart eksporthamn for tømmer og plank og importhamn for korn. Landhevinga og utviklinga i skipsfarten hadde etter kvart gjort byen vanskeleg å nå med handelsskip, og ladestadene Porsgrunn, Brevik og Langesund voks fram på 1600-talet. Utover 1700-talet gjekk det attende med Skien medan ladestadene voks. Byen fekk ny framgang som industriby, kommunikasjonsknutepunkt og administrasjonssenter i fylket. I 1873 vart Union Bruk etablert. Norsjø–Skienkanalen vart bygd i perioden 18541861, Bandak-Norsjøkanalen vart opna i 1892. Skien fekk jernbanesamband via Vestfoldbanen i 1882 og Bratsbergbanen i 1917.

Ei rad store brannar har herja byen opp gjennom åra, i 1652, 1671, 1681, 1732, 1766, 1777 og sist i 1886, vart store delar av byen lagt i oske. Gateplanen i sentrum vart fastlagt etter brannen i 1886.

I 1964 vart Skien by slegen saman med herada Solum og Gjerpen og Valebø krins av Holla til storkommunen Skien. Kommunegrensene har lege fast etter ei mindre grenseregulering mot Porsgrunn i 1968.

[endre] Tilknytte Skien

Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.

Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.

[endre] Kjende personar frå Skien

[endre] Skienssongen

La sangen nu seg svinge i toners flukt mot sky,
begeistret skal den klinge til ære for vår by.
Ja, Skien vil vi hedre i toner og i ord,
den er fra våre fedre, for oss en arv så stor.

Heile Skienssongen i tekst og lyd.

[endre] Verdt å sjå

[endre] Bydelar

[endre] Venskapsbyar

[endre] Skiensdialekten

Tradisjonelt talemål i det området som no ligg innanfor grensene av Skien kommune, er variantar av grenlandsmålet, som blir klassifisert mellom dei vikværske dialektane.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Fotnotar

Koordinatar: 59°12′26.9″N 9°36′37.9″E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk