Daniela Jaworska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniela Jaworska
Statsborgarskap Polen
Fødd 4. januar 1946 (78 år)
Wyborów, Łódź Voivodeship
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972, Sommar-OL 1968

Daniela Jaworska, fødd Tarkowska, (fødd 4. januar 1946) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar som i 1971 vart europameister i spjutkast.

Daniela Tarkowska kasta spjutet 49,70 meter vart nummer 7 i EM i friidrett 1966. To år seinare kom Daniela Jaworska med 56,06 m på femteplass i øvinga under Sommar-OL i Mexico-byen. Året etter enda ho på sjetteplass ved EM i friidrett 1969 i Athen med 55,16 meter.

13. august 1971 vann Jaworska gullmedaljen ved Friidretts-EM i Helsinki. Med eit kast på 61,00 meter viste ho vesttyske Ameli Koloska og austtyske Ruth Fuchs til sølv- og bronseplass. Jaworska kasta 52,40 meter i kvalifiseringa under Sommar-OL 1972, meteren for kort til å få finaleplass. 30. juni 1973 nådde ho livsbeste 62,30 meter i Warszawa. I Roma-EM 1974 vart ho nummer 11 med 54,02 meter.

Jaworska vart polsk meister i spjutkast i 1964, 1966-71, 1973-74 og 1976.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]