Warszawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Warszawa
2605201117DSC 0967.JPG
Flagget til Warszawa Byvåpenet til Warszawa
Flagget til Warszawa Byvåpenet til Warszawa
Motto
«Semper invicta»
(Alltid uslåeleg)
Plassering
Warszawa is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Flag of Poland.svg Polen
Masoviske
Byrettar Byrjinga av 1200-talet
Borgarmeister Hanna Gronkiewicz-Waltz
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

517 km²
6100,43 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
 - Storbyområde

1 704 717
3 350 000
Koordinatar 52°13′56″N 21°00′30″EKoordinatar: 52°13′56″N 21°00′30″E
Høgd over havet 100 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 00-001 til 04-999
Telefon-retningsnummer +48 22
Bilnummer WA, WB, WD, WE, WF, WH, WI, WJ, WK, WN, WT, WU, WW, WX, WY
Nettstad: www.um.warszawa.pl


Warszawa (tysk Warschau, engelsk Warsaw) er hovudstaden i Polen og den største byen i landet. Byen ligg ved elva Wisła, om lag 350 km sør for Austersjøen og like langt nord for Karpatane. Byen har 1,7 mill. innbyggjarar (2007) med 3,35 mill. i storbyområdet. Byen dekkjer eit område på 516,9 km², medan storbyområdet dekkjer 6 100,43 km² (Obszar Metropolitalny Warszawy - Storbyområdet Warszawa). Warszawa er den åttende største byen i EU.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Warszawa ligg på begge sider av Wisła. Han ligg midt på Den masoviske sletta i ei høgd på om lag 100 meter over havet.

Klimaet i Warszawa er fuktig kontinentalt. Middeltemperaturen er -2 °C i januar og 18 °C i juli. Temperaturen når ofte 30 °C om sommaren. Den normale årsnedbøren er 680 mm og den våtaste månaden er juli, hovudsakleg i form av regnbyger.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1200-talet var ikkje Warszawa noko meir enn ein fiskarlandsby. Byen vert nemnd fyrste gong i 1241, og fekk byrettar (Magdeburg-rettar) i 1334. Byen vart sete for hertugen av Masovia, og i 1596 vart byen hovudstad for det svenske Vasa-dynastiet som herska over Polen-Litauen. Byen har gjennom historia vore okkupert av mange naboland, mellom anna Sverige, Tyskland og Russland.

Under den andre verdskrigen var det to opprør i byen. Alle jødane i byen vart pressa saman i ghettoen, der mange døydde av svolt. Då ordren kom om å utslette Warszawa-ghettoen, gjekk jødiske motstandsfolk til aksjon, den 19. april 1943, i det som skulle bli kjent som Oppreisten i Warszawaghettoen i 1943. Dei heldt ut i nesten ein heil månad, trass i at dei var dårleg væpna og underlegne i tal. Då kampane tok slutt, vart nesten alle overlevande ghettobuarar drepne, berre nokre få klarte å rømme eller gøyme seg.

Warszawa-opprøret i 1944 vara i 63 dagar, der den polske undergrunnshæren kjempa for å gjera hovudstaden fri frå dei tyske okkupantane. Etter massiv gjengjelding frå tyskarane og deira allierte styrkar, mista over 200.000 menneske livet. Etterpå vart byen systematisk øydelagd. Dei attlevande polakkane vart sette i tyske leirar fram til den raude arméen «frigjorde» byen. Delar av gamlebyen vart etter krigen gjenoppbygd som ein kopi av den øydelagde byen. Kulturpalasset i Warszawa er derimot eit døme på stalinistisk arkitektur.

Kjende personar frå Warszawa[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Warszawa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]