Dave Weckl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Weckl

Statsborgarskap USA
Fødd 8. januar 1960 (64 år)
Saint Louis
Yrke trommeslagar, jazzmusikar, studiomusiker
Språk engelsk
Nettstad http://www.daveweckl.com/
Dave Weckl på Commons

Dave Weckl (fødd 8. januar 1960) er ein omtykt trommeslagar.

Idolet til Weckl var den legendariske trommeslagaren og storbandleiaren Buddy Rich, og han fordjupa seg i jazzstudiar på University of Bridgeport i Connecticut. Han har likevel gjort seg mest til merke innan fusion-sjangeren, og karrieren hans starta i fusionmiljøet i New York på byrjinga av 1980-åra. Han vart tidleg lagt merke til, og spelte etterkvart med artistar som Paul Simon, Madonna, George Benson, Michael Camilo og Anthony Jackson. Det han i ettertid er mest kjend for frå denne perioden, er likevel arbeidet han gjorde med Chick Corea sitt Elektric Band frå 1985 til 1991.

Weckl spelte med Corea i sju år. I denne perioden spelte han inn mange album, både med Elektric Band og med Corea sitt Akoustic Band. Samtidig gjorde han mange studioinnspelingar og innspelingar med GRP All-Star Big Band. I 1990 gav han ut den første plata som bandleiar, Master Plan, for selskapet GRP. Etter han slutta i Corea sitt band har han spelt særleg mykje i bandet til gitaristen Mike Stern, i tillegg til å halde fram solokarriera.

Det er særleg i trommemiljøet Weckl har fått mykje merksemd. Han har nytta dette til å produsere ei rekkje instruksjonsvideoar og bøker, og han har samarbeidd med ulike selskap som produserer signaturmodellar av ulikt trommeutstyr.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Dave Weckl:

  • 1990 Masterplan (GRP records)
  • 1992 Heads Up (GRP records)
  • 1994 Hard Wired (GRP records)

Dave Weckl Band:

  • 1998 Rhythm of the Soul (Stretch records)
  • 1999 Synergy (Stretch records)
  • 2000 Transition (Stretch records)
  • 2001 The Zone (Stretch records)
  • 2002 Perpetual motion (Stretch records)
  • 2003 Live (and very plugged in) (Stretch records)
  • 2005 Multiplicity (Stretch records)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]