Saint Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotomontasje frå Saint Louis

Saint Louis er ein by i delstaten Missouri i det sentrale USA. Bykommunen Saint Louis omfattar eit landareal på 160,4 km², med i kring 319 000 ibuarar (2010).

Byen Saint Louis ligg lengst aust i delstaten ved Mississippielva, like sør for åmotet mellom sideelva Missourielva og hovudelva. Elva Mississippi er også grenseelv mot delstaten Illinois, og området på begge sider av elva dannar metropolen 'Greater Saint Louis', det 19. største byområdet i USA med eit folketal på om lag 2,9 millionar.

Saint Louis vart grunnlagt i 1764 av franske pelshandlarar. Byen voks mykje på 1800-talet, og var seint i 1800-åra den fjerde største byen i USA. I 1904 vart både ei såkalla verdsutstilling avvikla i byen og dei tredje olympiske sommarleikane. Folketalet voks til 1950, sidan har byen vore i ein langvarig, svak nedgang. Økonomien er basert på tenesteytande næringar, handel, godstransport, industri og turisme.

Musikaren Chuck Berry er frå Saint Louis.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]