Trommesett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trommesett.
Simon Phillips frå gruppa Toto speler på eit stort trommesett.

Eit trommesett (tidlegare kalla batteri) er ei samling trommer, cymbalar og eventuelle andre perkusjonsinstrument som er sett opp for å bli spelt av ein enkelt musikar. Trommesettet vert mest nytta innan moderne sjangrar som jazz og rock.

Trommesettet har vanlegvis ein eller fleire basstrommer (spelt med pedalar), skarptrommer og tamtamtrommer. Cymbalane kjem i ulike storleikar og vektklassar, og kan grupperast som «hihat», «ride», «crash» og «effektcymbalar». Hihat er eit sett med to cymbalar vende mot kvarandre. Desse vert monterte på eit eige stativ som gjer det mogeleg å slå cymbalane mot kvarandre ved hjelp av ein pedal.

I 1970-åra vart dei første elektroniske trommene tekne i bruk i progressiv rock. Desse har i dei seinare åra gått gjennom ei rivande utvikling. Det vert no selt mange elektroniske trommesett, med trykksensitive motstandar og lydar tilsvarande dei i akustiske trommer. Lydane er syntetiserte lydar eller opptak, lagra i ein digital trommemodul. Den same teknologien vert også nytta for å «trigge» akustiske trommer ved hjelp av sensorar som registrer slag på trommeskinna.

Det er stor variasjon i korleis ein nyttar trommesettet i ulike sjangrar. Både utvalet av trommer og cymbalar og stemminga av trommene vil vere ulikt frå stilart til stilart. I rock vert gjerne trommene stemt djupt. Basstromme og skarptromme står langt framme i lydbiletet, og markerer pulsen i musikken. Hihat og ridecymbal vert gjerne nytta for å skape stabile, repetative rytmefigurar, medan crash og effektcymbalar (t.d. «china» og «splash») vert meir brukt for aksentueringar. I akustisk jazz (særleg bebop og liknande stilartar) vert trommene tradisjonelt stemt lysare, og dei vert i mindre grad nytta for å markere pulsen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trommesettet vart til i USA i byrjinga av 1900-talet. På 1800-talet vart orkestertrommer nytta av orkester som spela til teater og andre framsyningar. Då var det i regelen ein musikar for kvart av instrumenta som basstromme, bekken, skarptromme og andre perkusjonsinstrument. Av praktiske og økonomiske omsyn ynskte ein å nytte færre trommeslagarar for å rekke over dei ulike perkusjonsinstrumenta.

Basstromma vart lagt på golvet og skarptromma vart sett på ein stol eller eit stativ, slik at ein kunne spele begge trommer samstundes (ein teknikk kjend som dobbeltromming). Etterkvart vart det utvikla fotpedal for å spele på basstromma, bekkencymbalar vart monterte på stativ og spelt med fotpedal, medan andre perkusjonsinstrument, til dømes kinesiske tamtamtrommer, kubjøller, treblokker og cymbalar av ulik storleik, vart sett opp på stativ og stenger. Slike samansettingar av ulike perkusjonsinstrument vart særleg populære innan tidleg jazz og som akkompagnement for stumfilmar. I løpet av 1930-talet hadde det vorte vanleg at trommesettet bestod av basstromme, skarptromme, tamtamtrommer med over- og underskinn som kunne stemmast uavhengig av kvarandre, hihat og cymbalar. Dette var ei samansetting av instrumentet som vart særleg popularisert av Gene Krupa, og som utgjer kjernen av trommesettet slik vi kjenner det i dag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trommesett