Buddy Rich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Buddy Rich

Bernard «Buddy» Rich (30. september 19172. april 1987) var ein amerikansk jazztrommeslagar og bandleiar som var kjend for sin eineståande teknikk og sine imponerande trommesoloar.

Rich var fødd i Brooklyn av jødiske foreldre. Han opptredde med stepping og trommesoloar i vaudevilleshow frå han var 18 månader gamal, under namnet «Traps, the Boy Wonder», og var bandleiar allereie som elleveåring. Seinare sa han at han aldri hadde hatt opplæring på instrumentet, at han sjeldan øvde, og at han ikkje kunne lese notar.

I 1937 byrja han å spele jazz med Joe Marsala. Fram til 1946 spelte han i ei rekkje ulike storband, mellom andre Artie Shaw, Tommy Dorsey og Benny Carter sine band. Han spelte også i mindre band med musikarar som Nat King Cole og Lester Young. I tillegg opptredde han også i fleire filmar i løpet av 1940-åra. I 1946 vart han med i Jazz at the Philharmonic, der han gjerne hadde trommeduellar med Gene Krupa eller Louie Bellson. Han haldt også fram med å spele i både storband, samtidig som han starta sin eigen kvintett i 1950-åra.

I 1966 samla han eit storband med seg sjølv som bandleiar. Dette bandet spelte fram til 1987, og hadde eit materiale som bestod av standard swingjazz og oppjazza versjonar av pop-låtar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]