David Cameron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Cameron

David William Donald Cameron (fødd 9. oktober 1966) er statsminister i Storbritannia og partileiar for Det konservative partiet i Storbritannia. Han vart statsminister 11. mai 2010.

I parlamentet representerer han valkrinsen Witney (sidan 2001). Han blei medlem av det konservative skuggekabinettet i september 2004. Den 29. september 2005 kunngjorde han at han stilte som kandidat til å bli partileiar for det konservative partiet.

Cameron er utdanna ved den prestisjetunge privatskolen Eton College og ved Universitetet i Oxford, der han studerte statsvitskap, filosofi og økonomi. Før han blei valt inn i det britiske parlamentet som medlem for Witney, arbeidde han med PR i medieselskapet Carlton Communications. Tidlegare har han òg arbeidd som politisk rådgjevar for finansminister Norman Lamont og innanriksminister Michael Howard i John Major si konservative regjering (1992-1997).

I løpet av sin periode som partileiar har Cameron ført Det konservative partiet mot sentrum i britisk politikk, og det har vore noko av grunnlaget for den framgangen partiet fekk ved parlamentsvalet i 2010.

Cameron er gift med Samantha Sheffield (fødd 1971) og har to born, fødde i 2004 og 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: David Cameron



Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.