Gordon Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gordon Brown
Gordon Brown Photo.jpg
Statsminister i Storbritannia
Regjeringstid 2007
Føregjengar Tony Blair
Gift med Sarah Brown, fødd Macaulay
Born John og James Fraser

James Gordon Brown (fødd 20. februar 1951) er ein britisk arbeidarpartipolitikar. Han var statsminister i Storbritannia frå 27. juni 2007 til 11. mai 2010, då han trekte seg som statsminister og partileiar etter nederlag i parlamentsvalet.

Brown blei fødd i den skotske byen Glasgow. Han studerte historie ved universitetet i Edinburgh, der han fekk doktorgrada i 1982 med avhandlinga The Labour Party and Political Change in Scotland 1918-29. Brown var også rector ved universitetet frå 1972 til 1975, og var redaktør for The Red Paper on Scotland. Han arbeidde som amanuensis ved Edinburgh og Glasgow College of Technology og var seinare journalist og redaktør ved Scottish Television fram til han blei vald inn i parlamentet i 1983.

Gordon Brown stilde til val for Labour for første gong i 1979, og blei vald inn i det britiske parlamentet som i 1983. Han blei handels- og industripolitisk talsmann for opposisjonen i 1985, deretter skuggeskattestatsminister og skuggefinansminister før han i mai 1997 blei utnemnd til britisk finansminister i regjeringa til Tony Blair. Ved å sitja i denne stillinga fram til juni blei han den finansministeren som har site lengst sidan tidleg på 1800-talet. Brown blei utnemnd til leiar for det britiske arbeidarpartiet den 24. juni 2007 og blei statsminister tre dagar seinare.

Ein rugbyskade under studenttida førte til at han mista synet på venstre auget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gordon Brown