Dei vesle Karpatane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei vesle Karpatane i Slovakia
Dei vesle Karpatane rundt Červený Kameň-borga

Dei vesle Karpatane (slovakisk Malé Karpaty; tysk Kleinen Karpaten; ungarsk Kis Kárpátok) er ei låg, om lag 100 km lang, fjellkjede i Karpatane. Fjellkjeda ligg vest i Slovakia, og dekkjer eit område frå Bratislava til Nové Mesto nad Váhom og ein liten del kalla Hundsheimer Berge nordaust i Austerrike. Dei grensar til Záhorie i vest og Det donauske låglandet i aust.

I 1976 vart Dei vesle Karpatane verna som ein del av Vesle Karpatane landskapsvernområde, som dekkjer 646,1 km². Dei tre høgaste fjella er Záruby på 768 moh, Vysoká på 754 moh og Vápenná på 752 moh.

Dei vesle Karpatane er vidare delt inn i (frå sør til nord):

  • Devín-Karpatane (i Bratislava)
  • Pezinok-Karpatane (frå Bratislava til Buková)
  • Brezová-Karpatane (frå Buková til Prašník)
  • Čachtice-Karpatane (frå Prašník til Nové Mesto nad Váhom)

Dei vesle Karpatane er eit populært område for turgåing, sykling, skigåing og andre vinteridrettar.

I den søraustlege delen av området ligg det mange vingardar (t.d. Bratislava, Rača, Pezinok, Modra). Fleire borger eller ruinar av dei ligg i Dei vesle Karpatane som t.d. Devínborga, Čachticeborga, Červený Kameň-borga og Smoleniceborga. Driny, ei kalksteinsgrotte, er den einaste grotta som er open for ålmenta.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei vesle Karpatane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°25′N 17°15′E