Delegasjonen frå Noreg til Den europeiske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Noreg og Den europeiske unionen.
Delegasjonen held til i det norske huset i Rue Archimède 17.

Delegasjonen frå Noreg til Den europeiske unionen (EU) er den største utanriksstasjonen til Noreg, med ca. 60 tilsette. Delegasjonen vert leidd av ambassadør Rolf Einar Fife. Blant dei ca. 40 diplomatane som er sent ut til stasjonen er omtrent ein tredel frå Utanriksdepartementet, medan resten er utsende fagrådar frå andre departement.

Historie[endre | endre wikiteksten]

EF-delegasjonen vart sett opp i 1988 med Eivinn Berg som den fyrste ambassadøren.

Hovudoppgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Fylgja utviklinga i EU-samarbeidet på område som er viktige for Noreg.
  • Fremja norske bidrag, synspunkt og innspel overfor EU-institusjonane, EFTA og overvakingsorganet til EFTA, ESA.
  • Bidra til å identifisera og i størst mogeleg grad nøyta det norske handlingsrommet i EØS, Schengen-traktaten og det utanriks- og forsvarspolitiske samarbeidet med EU
  • Bidra til auka kunnskap og kompetanse om EU/EØS-spørsmål i Noreg, gjennom openheit overfor ting som media, vitjande på delegasjonen og nettsidene til delegasjonen.

I den indre marknaden er det særleg viktig å fylgja tett på utviklinga i EU og bidra med norske synspunkt så tidleg som mogeleg. Meir enn 70 % av norsk eksport går til EU-marknaden. Gjennom EØS vert EU-regelverket på dei områda EØS-avtalen dekkjer, òg ein del av norske lover og forskrifter.

Eit anna viktig område er Schengen-traktaten, der Noreg saman med Island og Sveits er ein del av EU-samarbeidet om ting som yttergrensekontroll, visum, og deler av retur- og politisamarbeidet. EU har òg vorte ein stor utanrikspolitisk aktør, og ein viktig samarbeidspartner for Noreg i internasjonale operasjonar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]