Schengenavtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
██ EU-land som har godkjent avtalen ██ Land utanfor EU som har godkjent avtalen ██ Framtidige medlemsland ██ EU-land som delvis har godkjent avtalen
Fil:Schengen Monument with Plant.JPG
Monument over avtalen i Schengen i Luxembourg
Eit typisk grenseskilt mellom to land (teksten på skiltet skifter frå land til land)

Schengenavtalen vart inngått av Vest-Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Luxembourg i juni 1985 på skipet Princesse Marie-Astrid på Moselelva nær landsbyen Schengen i Luxembourg, ved den franske og tyske grensa.

Formålet var å byta ut grensepostane og grensekontrollane mellom landa med eksterne grensekontrollar. Den 19. juni 1990 underteikna dei fem landa Schengenavtalen. Han er i dag utvida til å gjelda 25 land i Europa.

Det er ingen ordinær passkontroll mellom medlemslanda.

Noreg i Schengen[endre | endre wikiteksten]

Stortinget vedtok 9. juni 1997 at Noreg skulle slutta seg til Schengenavtalen, med røystene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingspartia som var mot norsk tilslutning til avtalen var Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.

Noreg vart saman med dei andre nordiske landa del av Schengen-området 25. mars 2001.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Medlemsland
# Land Verksam
1 Flag of Germany.svg Tyskland1 1995-03-2626. mars 1995
2 Flag of the Netherlands.svg Nederland 1995-03-2626. mars 1995
3 Flag of Belgium (civil).svg Belgia 1995-03-2626. mars 1995
4 Flag of Luxembourg.svg Luxembourg 1995-03-2626. mars 1995
5 Flag of France.svg Frankrike 1995-03-2626. mars 1995
6 Flag of Spain.svg Spania 1995-03-2626. mars 1995
7 Flag of Portugal.svg Portugal 1995-03-2626. mars 1995
8 Flag of Italy.svg Italia 1997-10-2626. oktober 1997
9 Flag of Austria.svg Austerrike 1997-12-011. desember 1997
10 Flag of Greece.svg Hellas 2000-03-2626. mars 2000
11 Flag of Iceland.svg Island 2001-03-2525. mars 2001
12 Flag of Norway.svg Noreg 2001-03-2525. mars 2001
13 Flag of Sweden.svg Sverige 2001-03-2525. mars 2001
14 Flag of Denmark.svg Danmark 2001-03-2525. mars 2001
15 Flag of Finland.svg Finland 2001-03-2525. mars 2001
16 Flag of Estonia.svg Estland 2007-12-2121. desember 20072
17 Flag of Latvia.svg Latvia 2007-12-2121. desember 20072
18 Flag of Lithuania.svg Litauen 2007-12-2121. desember 20072
19 Flag of Poland.svg Polen 2007-12-2121. desember 20072
20 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 2007-12-2121. desember 20072
21 Flag of Slovakia.svg Slovakia 2007-12-2121. desember 20072
22 Flag of Hungary.svg Ungarn 2007-12-2121. desember 20072
23 Flag of Slovenia.svg Slovenia 2007-12-2121. desember 20072
24 Flag of Malta.svg Malta 2007-12-2121. desember 20072
25 Flag of Switzerland.svg Sveits 2007-12-2121. desember 20073
- Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein Søkjarland
- Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros Søkjarland
- Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Søkjarland
- Flag of Romania.svg Romania Søkjarland
- Flag of the Vatican City.svg Vatikanstaten Søkjarland
Unnatak
Stad Land
Flag of Norway.svg Svalbard Noreg
Flag of Greenland.svg Grønland Danmark
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane Danmark
Flag of Aruba.svg Aruba Nederland
Flag of Curaçao.svg Curaçao Nederland
Flag of Sint Maarten.svg Sint Maarten Nederland
Flagget til Hellas Áthos Hellas
Flag of France.svg Fransk Guyana Frankrike
Flag of France.svg Guadeloupe Frankrike
Flag of France.svg Réunion
og andre franske
område utanfor Europa
Frankrike
Flagget til Spania Ceuta Spania
Flagget til Spania Melilla Spania

1 Då traktaten vart verksam i 1995, var Vest-Tyskland og Aust-Tyskland på ny sameint. Difor var berre Vest-Tyskland med i 1985 då traktaten vart inngått.
2 Traktaten vart verksam til lands og til havs i desse ni landa på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 30. mars 2008.
3 Traktaten vart verksam i kraft til lands i Sveits på denne datoen. Ved flyplassane opphøyrde passkontrollen 29. mars 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]