Den europeiske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Den europeiske unionen

Det europeiske flagget
Det europeiske flagget

Motto: In varietate concordia
(latin: Sameint i ulikskap)
Nasjonalsong: An die Freude
EU location.png
Offisielle språk Sjå dei offisielle språka til EU
President for Europarådet Wolfgang Schüssel (Austerrike)
President for Europakommisjonen José Manuel Durão Barroso
President for Europaparlamentet Josep Borrell
Areal
 - Totalt
Rangering 8
3,892,685 km2 (EU 25)
Folketal
 - Totalt (2004)
 - Folketettleik
Rangering 3
453 300 000 (EU 25)
116,4 innb/km²
BNP (2004)
 - Totalt
 - Per capita
Rangering 2
€10,202,336,800,000
€22,300
Grunnlagd
Som EEC
 - Signering
 - Ikraftsett

Som EU
 - Signering
 - Ikraftsetting


Romapakten
 - 25. mars 1957
 - 1. januar 1958

Maastricht-traktaten
 - 7. februar 1992
 - 1. november 1993

Valuta Euro (EUR eller €)
Unionsdag 9. mai (Europadagen)
Tidssone UTC 0 til +2
Toppdomene .eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk

Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar, etablert ved Den europeiske unionstraktaten (Maastricht-traktaten). Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.

EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.

Innhaldsliste

[endre] Historie

EGKS.png

Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).

I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.


[endre] Organisering

EU har fem institusjonar:

I tillegg kjem fem viktige organ:

[endre] EUs tre søyler

EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:

  • 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
  • 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
  • 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.

Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegne av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegne av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.


[endre] Medlemsland

År Land Areal (km²) Innbyggarar (2011) Hovudstad Valuta
1957 Flag of Belgium (civil).svg Belgia 30 528 10 431 477 Brussel Euro
1957 Flag of France.svg Frankrike 674 843 65 821 885 Paris Euro
1957 Flag of Germany.svg Vest-Tyskland[1] 357 022 81 471 834 Berlin Euro
1957 Flag of Italy.svg Italia 301 340 61 016 804 Roma Euro
1957 Flag of Luxembourg.svg Luxembourg 2 586 503 302 Luxembourg Euro
1957 Flag of the Netherlands.svg Nederland 41 543 16 847 007 Amsterdam Euro
1973 Flag of Denmark.svg Danmark 43 094 5 529 888 København Dansk krone
1973 Flag of Ireland.svg Irland 70 273 4 670 976 Dublin Euro
1973 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 243 610 62 698 362 London Britisk pund
1981 Flag of Greece.svg Hellas 131 957 10 760 136 Athen Euro
1986 Flag of Portugal.svg Portugal 92 090 10 760 305 Lisboa Euro
1986 Flag of Spain.svg Spania 505 370 46 754 784 Madrid Euro
1995 Flag of Austria.svg Austerrike 83 871 8 217 280 Wien Euro
1995 Flag of Finland.svg Finland 338 145 5 259 250 Helsingfors Euro
1995 Flag of Sweden.svg Sverige 450 295 9 088 728 Stockholm Svensk krona
2004 Flag of Cyprus.svg Kypros 9 251 1 120 489 Nikosia Euro
2004 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 78 867 10 190 213 Praha Tsjekkisk koruna
2004 Flag of Estonia.svg Estland 45 228 1 282 963 Tallinn Euro
2004 Flag of Hungary.svg Ungarn 93 028 9 976 062 Budapest Forint
2004 Flag of Latvia.svg Latvia 64 589 2 204 708 Riga Latvisk lats
2004 Flag of Lithuania.svg Litauen 65 300 3 535 547 Vilnius Litauisk litas
2004 Flag of Malta.svg Malta 316 408 333 Valletta Euro
2004 Flag of Poland.svg Polen 312 685 38 441 588 Warszawa Euro
2004 Flag of Slovakia.svg Slovakia 49 035 5 477 038 Bratislava Slovakisk koruna
2004 Flag of Slovenia.svg Slovenia 20 273 2 000 092 Ljubljana Euro
2007 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria 110 879 7 093 635 Sofia Bulgarsk lev
2007 Flag of Romania.svg Romania 238 391 21 904 551 Bucureşti Rumensk leu
Totalt Flag of Europe.svg Den europeiske unionen 4 454 409 503 467 237

[endre] Kandidatar

Kroatia er akseptert som nytt medlemsland frå 1/7-2013. Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til mangland demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.

[endre] Kritikk av EU

- EU-motstandarar i Noreg har kritisert EU for å vere eit overstatleg, nyliberalt og udemokratisk prosjekt. Dei meiner at den nye grunnlova slær fast dette i enda sterkare grad enn før, ved at den gjev meir makt til EU-parlamentet og fjerner enkeltlanda sin vetorett på nye område. Grunnlova slår fast at fri flyt av personar, tenester, varer og kapital i tillegg friare etablering, skal vere ein del av dei grunnleggande rettane. Andre har igjen kritisert EU for å vere eit stort byråkrati, som det er vanskelig å påverke og skaffe seg innsikt over for enkeltpersonar. Ja-folket derimot, argumenterar at Noreg får ei røyst i EU om me blir medlem, og at det då går fint an å leggje tilrette eit medlemskap som passar særskilt godt for Noreg.


[endre] Andre relevante artiklar

Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål


[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den europeiske unionen
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk