Delft
| Delft | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Provinsar |
Zuid-Holland |
||||
| Borgarmeister | Bas Verkerk | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By - Land - Vatn |
24,08 km² 23,21 km² 0,86 km² |
||||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
95 770 4 126/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Nettstad: www.delft.nl | |||||
Delft er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland. Han ligg mellom Rotterdam og Haag. Delft er hovudsakleg kjend for det typiske nederlandske bysentrumet (med kanalar) og for målaren Vermeer, Delftware og for tilknytinga til kongefamilien.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Byen oppstod på 1200-talet og fekk byrettar i 1246.
Delft fekk tilknyting til Huset Oranien då Vilhelm I av Oranien, med kallenamnet «Vilhelm den stillferdige» busette seg her i 1572. Vilhelm var leiaren på denne tida under kampane mot Spania i åttiårskrigen.
Delft var ein av dei leiande byane i Holland og var utstyrt med bymurar. Då Vilhelm vart skoten i 1584 av Balthazar Gerards i hallen Prinsenhof, var familien sin tradisjonelle gravplass i Breda i hendene på spanjolane. Han vart derfor gravlagd i Nieuwe Kerk (Nykyrkja) og frå den tid har kongefamilien vorte gravlagd her.
I 1654 vart byen hardt råka og over 100 menneske døydde då eit krutlager med over 40 tonn krut eksploderte.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side
- Turistside
- Kart over Delft
- Panorama av Delft
- Bilete frå Delft
- Turistattraksjonar i Delft
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Delft» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2008.
Fotnotar [endre]