Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den opphavlege delingsplanen for Palestina.

Delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina, resolusjon 181 til SN si generalforsamling, blei stemt fram av Dei sameina nasjonane den 29. november 1947 for å avslutta Det britiske palestinamandatet innan 1. august 1948. Planen skulle løysa Midtausten-konflikten i Det britiske palestinamandatet. Generalforsamlinga godkjente planen med 33 stemmer mot 13, med 10 nøytrale. For å ta høgd for stor innvandring etter jødeforfølgingane i Europa og holocaust, blei jødane tildelte 56 % av Palestina medan arabarane fekk 43 %. Resten av området (1 %, som omfatta Jerusalem og omgivnader) fekk status som corpus separatum, ei internasjonal sone.

Denne planen blei sett på som urettferdig av palestinarar, og blei avvist av dei og av arabiske makter. Delingsplanen blei akseptert av Jewish Agency for Palestina og av dei fleste sionistiske fraksjonane; berre utkanten uttrykte misnøye over territorielle grenser sett på den føreslåtte jødiske staten.[1][2] Den arabiske høgare komiteen, Den arabiske ligaen og andre arabiske leiarar og regjeringar avviste han[3] og indikerte ein uvilje til å akseptera noka form for territoriell inndeling,[4] og argumenterte for at det braut med prinsippa om nasjonal sjølvbestemming i SN-pakta, som gjev folk rett til å bestemma sin eigen skjebne.[5] Dei kunngjorde at dei hadde til hensikt å ta i bruk alle nødvendige tiltak for å hindra implementeringa av resolusjonen.[6][7] Deretter braut det ut ein borgarkrig i Palestina, og planen blei ikkje implementert.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, Benny (2008): 1948: a history of the first Arab-Israeli war. Yale University Press. ISBN 9780300126969; s. 75. Sitat: «The night of 29–30 November passed in the Yishuv's settlements in noisy public rejoicing. Most had sat glued to their radio sets broadcasting live from Flushing Meadow. A collective cry of joy went up when the two-thirds mark was achieved: a state had been sanctioned by the international community.»; s. 396 Sitat: «The immediate trigger of the 1948 War was the November 1947 UN partition resolution. The Zionist movement, except for its fringes, accepted the proposal.»
  2. The Question of Palestine and the UN (PDF)
  3. Morris, Benny (2008): 1948: a history of the first Arab-Israeli war. Yale University Press. ISBN 9780300126969; s. 66, ved 1946 sitat: «The League demanded independence for Palestine as a ’unitary’ state, with an Arab majority and minority rights for the Jews.»; s. 67, ved 1947 «The League's Political Committee met in Sofar, Lebanon, on 16–19 September, and urged the Palestine Arabs to fight partition, which it called "aggression", "without mercy". The League promised them, in line with Bludan, assistance "in manpower, money and equipment" should the United Nations endorse partition.»
  4. Morris, Benny (2008): 1948: a history of the first Arab-Israeli war. Yale University Press. ISBN 9780300126969; s. 73.
  5. Hadawi, Sami (1991): Bitter Harvest: A Modern History of Palestine, Olive Branch Press, s. 76.
  6. Perkins, Kenneth J.; Gilbert, Martin (1999): «Israel: A History», The Journal of Military History. 63 (3): 149. doi:10.2307/120539. ISSN 0899-3718. JSTOR 120539.
  7. Best, Antony (2004): International History of the Twentieth Century and beyond, Routledge, doi:10.4324/9781315739717-1, ISBN 978-1-315-73971-7; s. 531
  8. Galnoor, Itzhak (1995): The Partition of Palestine: Decision Crossroads in the Zionist Movement. SUNY Press. ISBN 978-0-7914-2193-2; s. 289–

Litteratur[endre | endre wikiteksten]