Massimo D’Alema

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Massimo D’Alema (fødd 20. april 1949 i Roma) er ein italiensk journalist og politikar. Han var statsminister i Italia frå 1998 til 2000. Han er medlem i det italienske venstrepartiet Democratici di Sinistra.

D’Alema er no medlem i Europaparlamentet, der han er med i den sosialistiske fraksjonen. D’Alema var tidlegare marxist og med i det italienske kommunistpartiet, men etter at dette vart slege saman med meir moderate parti har han gått noko vekk frå dette.

Han er tidlegare representant i det italienske underhuset. D’Alema har òg hatt regionale politiske verv i Pisa og Puglia.

D’Alema var tidlegare redaktør i den venstreorienterte avisa L'Unità. Han har gjeve ut åtte bøker, der fire er på forlaget Mondadori, som Silvio Berlusconi eig. Dette har ført til at delar av venstresida har kritisert D’Alema for å ha band til Berlusconi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]