Den amerikanske nasjonalgarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dette omgrepet har fleire tydingar.

Nasjonalgarden utgjer ein stor del av USAs militære reserve. Nasjonalgarden vart etablert ved militsloven av 1903, som samla dei ulike delstatsmilitsane i ein nasjonal struktur. Nasjonalgarden blir styrt av kvar enkelt delstat, med mindre militsane blir kalla inn til føderal teneste. Nasjonalgarden må ikkje forvekslast med reservestyrkane til kvar av dei føderale forsvarsgreinene.

Nasjonalgarden består av to greiner. Arménasjonalgarden inngår i den amerikanske armeen og utgjer omkring halvparten av den ståande hæren og ein tredel av støtteorganisasjonen. Flynasjonalgarden inngår i det amerikanske flyvåpenet. Begge blir administrert på nasjonalt nivå av Nasjonalgardebyrået, som er ein felleskommando for Armédepartementet og Flyvåpendepartementet.

Nasjonalgarden er kjent for slagordet sitt i annonser: «Éi helg i månaden, to veker i året». Dette viste til tida ein person måtte vere i aktiv teneste i Nasjonalgarden for å kunne vere nasjonalgardist, med dei ytingane det medfører. Slagordet vart likevel forkasta under krigen i Irak då det vart klart at nasjonalgardister no var monaleg meir tid i aktiv teneste.

Før terrorangrepet 11. september 2001 var det etablert praksis at gardistar ikkje trong å tjenestegjere meir enn seks månader i utlandet til ei kvar tid. På grunn av påkjenninga på aktive avdelingar etter angrepet vart tenestetida utvida til 18 månader. Ytterlegare belastningar på militære styrkar som resultat av invasjonen av Irak medførde at den moglege tenestetida i utlandet vart utvida til 24 månader.

Avdelingar i Nasjonalgarden kan mobiliserast til ei kvar tid på ordre frå presidenten for å supplere dei regulære militære styrkane, og ved fråsegn om unntakstilstand frå guvernøren i delstaten der avdelinga høyrer heime. I motsetnad til vanlege reservistar kan nasjonalgardister ikkje mobiliserast individuelt (unntatt ved frivillig overføring), men berre som del av den respektive avdelinga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom heile det 19. hundreåret var den regulære armeen liten, og militsane utgjorde brorparten av styrkane under den meksikansk-amerikanske krigen, starten på den amerikanske borgarkrigen og den spansk-amerikanske krigen. I 1903 vart delar av militsen organisert som ein reservestyrke for den amerikanske armeen, under namnet Nasjonalgarden. I første verdskrigen utgjorde Nasjonalgarden 40 prosent av dei amerikanske divisjonane i Frankrike. I andre verdskrigen danna Nasjonalgarden 19 divisjonar. 140 000 nasjonalgardister vart mobilisert i Koreakrigen og over 63 000 for golfkrigen.

Etter andre verdskrigen – då flyvåpenet vart utskilt frå armeen – vart flyavdelingar i Nasjonalgarden organisert som Flynasjonalgarden. Det er ingen marinenasjonalgarde på grunn av ei forordning i grunnlova som forbyr delstatane å ha krigsskip i fredstid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]