Den austaustralske straumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Temperaturprofil i Den austaustarlske straumen.

Den austaustralske straumen (EAC) er ein havstraum som flyttar varmt vatn i retning med klokka[1] ned austkysten av Australia.[2] Han er den største havstraumen nær kysten av Australia. Straumen har kjelde i det tropiske Korallhavet utanfor nordaustkysten av Australia.[3] Han kan nå ein styrke på opp til sju knop i det noko grunnare farvatnet på den australske kontinentalsokkelen, men er som regel mellom to og tre knop. Straumen kjem av ein straumvirvel i Tasmanhavet mellom Australia og New Zealand. Straumen transporterer tropisk marint dyreliv til område i subtropiske område langs søraustkysten av Australia.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I animasjonefilmem til Disney og Pixar frå 2003, Finding Nemo, vert Den austaustarlske straumen vist som ein motorveg som fisk og skjelpadder nyttar for å reise ned austkysten av Australia. Dette stemmer til ein viss grad, sidan store mengder fisk kvar sommar vert først av stad frå Great Barrier Reef til hamna i Sydney og vidare sørover.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C.Michael Hogan. 2011. Coral Sea. Encyclopedia of Earth. Eds. P.Saundry & C.J.Cleveland. National Council for Science and the Environment. Washington DC
  2. East Australian Current, NASA Earth Observatory.
  3. The East Australian Current, CSIRO Marine Research.
  4. Looking For Nemo, 2004-06-03, Catalyst, ABC.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]