Den filippinsk-amerikanske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Under og som følgje av den filippinsk-amerikanske krigen vart hundretusenvis av filippinske sivile drepne eller døydde av svolt og sjukdom. Det var kamphandlingar mellom USA-styrkar og filippinske opprørarar frå 1898 til 1913.

Opptakten[endre | endre wikiteksten]

I desember 1898 kjøpte USA Filippinane og andre område frå Spania etter at USA slo Spania i den spansk-amerikanske krigen. USA-regjeringa laga planer for å gjera landet til USA-koloni. Men filippinarar som hadde kjempa for sjølvstende frå Spania hadde alt utropa filippinsk sjølvstende 12. juni 1898. Den 14. august same året vart 11 000 USA-soldatar sende for å okkupere landet.

Opprøret mot det spanske herredømmet starta alt i 1896, men vart slege ned i hovudsak. Lokalt heldt opprøret likevel fram mange plassar, slik som i Cavite-provinsen.

Det var motsetningar mellom ulike personar og grupper blant filippinarane, og dette svekte sjølvsagt opprøret. Likevel vart ein filippinsk republikk til.

I desember 1897 vart det inngått våpenkvile mellom dei spanske styrkane og opprørarane. Ein av opprørsleiarane gjekk i eksil, men mange sjølvstendekjemparar heldt fram kampen.

Da USA-styrkar kom til landet som ledd i den spansk-amerikanske krigen, hjelpte dei opprørarane mot spanjolane. Snart kontrollerte opprørarane heile landet unnateke hovudstaden Manila. Sommaren 1898 var spanjolane heilt slegne på Filippinane, og USA-styrkar okkuperte Manila.

Krigen mot amerikanarane startar[endre | endre wikiteksten]

Det vart snart spenningar mellom filippinarane og amerikanske soldatar. Fiendtlege handlingar starta 4. februar 1899 da ein USA-soldat skaut ein filippinar på veg over ei bru. USA-president McKinley påstod at opprørarar hadde gått til åtak på Manila, for å rettferdiggjera krigen, som elles aldri vart erklært frå USA si side. Den filippinske presidenten vart erklært ein «lovlaus banditt» av amerikanarane.

Ein stor USA-styrke på 126 000 soldatar vart send for å okkupere Filippinane. Krigen mellom okkupasjonsstyrkane og filippinarane varte enno i over ti år. Sjølv om amerikanarane greidde å vinne slaget om Manila ved utgangen av 1899, heldt dei filippinske frigjeringsstyrkane fram kampen lenger nord. Etter at dei regulære slaga var tapte, gjekk dei over til gerilja. Eit hovudproblem for dei filippinske patriotane var mangel på våpen, men likevel vann frigjeringsstyrkane fleire sigrar i geriljakrigen.

Terror[endre | endre wikiteksten]

Amerikanarane svara med brutalitet. Dei drap fangar, brende ned heile landsbyar, og oppretta konsentrasjonsleirar for sivile, der tusenvis døydde. Sivile vart meir ramma enn faktiske geriljasoldatar på grunn av den amerikanske antiopprørstaktikken. Til slutt fekk amerikanarane med svik fanga presidenten, og tvinga han til å oppmode om kapitulasjon.

Men somme heldt fram kampen likevel, trass i stadig meir terroristiske amerikanske verkemiddel for å slå dei ned. Dei tvinga filippinarane inn i kontrollerte landsbyar som var som fangeleirar, gjennomførte systematisk nedbrenning av område med geriljaaktivitet, bruka grov tortur mot fangar (blant anna «vass-kuren») og avretta mange sivile som reine hemnaksjonar etter gerilja-åtak mot amerikanske soldatar.

Den eine etter den andre av dei filippinske generalane vart tvinga til å overgje seg.

USA erklærte at opprøret var over i 1902, men filippinske patriotar meiner at krigen heldt fram i meir enn ti år til, da fleire grupper av geriljasoldatar var i aktivitet enno.

I USA gjekk mellom andre Mark Twain sterkt imot krigen, som han meinte sveik amerikanske demokratiske ideal ved ikkje å la filippinarane velje sin eigen lagnad.

Tap[endre | endre wikiteksten]

4324 amerikanske soldatar døydde under krigen. Av filippinske kollaboratørar døydde om lag 2000. Filippinske militære dødsfall (frigjeringsstyrkane) var mellom 16 000 og 20 000. Mellom 250 000 og ein million sivile filippinarar døydde – vart drepne, døydde av svolt og sjukdom som følgje av okkupasjonen og krigen.

Sidan[endre | endre wikiteksten]

I 1916 gav USA Filippinane indre sjølvstyre, og i 1946 fekk landet formelt sjølvstende.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen [1]