Kolonialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kolonialisme er eit herredømeforhold mellom kollektiv, der dei sentrale avgjerdene over liva til dei koloniserte blir tekne av eit kulturelt ulikt og ikkje tilpassingsviljug mindretal av koloniherrar under hovudsakleg ivaretaking av deira interesser. I nyare tid kjem det òg legitimeringsdoktrinar til frå koloniherrane si side, koloniherrar som er overtydde om eigen kulturell verdi.

Kolonitida kallar ein i dag til vanleg epoken med moderne kolonialisme frå oppdaginga av Amerika i 1492 til etter andre verdskrigen, sjølv om det til alle tider har funnest kolonialisme, til dømes romersk, arabisk, osv. Kolonialistisk ideologi og praksis fekk ei tilspissing gjennom imperialismen.

Omgrepsavklaring[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Afrika-historikaren Philip Curtin er kolonialisme herredøme til eit folk frå ein annan kultur. [1] Men ikkje alt framandherredøme blir sett som illegitimt av dei innfødde. Såleis vart visst nok det osmanske herredømet over Egypt frå 1517 til 1798 stort sett god-teke av store delar av den arabiske befolkninga. Det framande språket vart sett som mindre viktig enn den felles trua og dei felles islamske reglane for godt styre. For dei koptiske kristne var det det same kva framand makt som herska over dei - for dei var dei opphavlege mamelukk-herskarane like illegitime som osmanarane. Derfor må ein ha begge elementa, både herredøme og kulturell framandheit, og jamvel fleire, for å klargjere eigenarten til den moderne kolonialismen.

Element[endre | endre wikiteksten]

Det handlar ikkje om eit nedarva herre-knekt-tilhøve, men koloniherrane frårøva tvertom heile samfunnet ei sjølvstendig utvikling. Dette vart no framandstyrt i samsvar med dei primære økonomiske interessene til dei nye herskarane.

Eit anna karaktertrekk utgjer den verdshistorisk sjeldne uviljen hjå dei koloniale herskarane til å nærme seg det underkasta samfunnet. Dei venta av dei underkasta ei mest total tilpassing til dei sosial normene og skikkane frå Europa. På 1800-talet vart dette einsidige tilpassingskravet rettferdiggjort ved den påstått uovervinnelege rasemessige og kulturelle høgverdigheita til den kvite rasen. Såleis kom det ved den europeiske kolonialistiske ekspansjonen ikkje til ein kultursyntese, som ved den greske koloniseringa under hellenismen.

Dei tala òg om «The White Man's Burden», det vil seie å sivilisere dei tilbakeliggjande folkeslaga. Dette innebar attåt overtydinga om eiga overlegenheit, òg å tvinge desse andre til sivilisasjon ved aggressiv-ekspansjonistisk framferd. Koloniteoretikarane framstilte erobringane som ein misjon for å omvende heidningane, innanfor ramma av ein heilskapleg gudgjeven plan, eller som «sivilisering» av «barbarar». Også den seinare US-amerikanske og japanske kolonialismen gjorde bruk av ein slik retorikk.

Forskjellar i forhold til imperialismen[endre | endre wikiteksten]

Med imperialisme meiner vi her alle aktivitetar som skal tene oppbygginga av transkontinentale imperium. Det høyrer òg med å sjå eigne nasjonale interesser i det internasjonale systemet i eit imperialistisk perspektiv. Dermed går imperialismen frå kolonipolitikk til verdspolitikk, der koloniar ikkje berre er mål i seg sjølve, men middel i ein global maktkamp.

Dessutan har imperialistiske makter som t d Det britiske imperiet på 1800-talet og i første halvdel av 1900-talet ein økonomisk og politisk innverknad langt ut over dei direkte koloniane. Dette synte seg dels som ein meir effektiv herskemetode, og når det gjeld dei økonomiske følgjene for periferi-staten spela den offisielle statusen inga rolle.

Då imperialisme inneheld evne til global interesse-ivaretaking og oppretting av store økonomiske interessesfærar, kan ein berre med atterhald tale om t d ein spansk imperialisme. I nyare tid har berre Storbritannia og USA vore fullt utvikla imperialistmakter, og då trass i at USA ikkje har hatt noko stort formelt koloni-imperium. Frankrike, Tyskland, Russland/Sovjetunionen og Japan var anten ikkje langvarig til stades globalt sett, eller økonomisk for veike til å trenge inn i fjerne marknader.

Drivkrefter og føresetnader for oppdagingsreisene[endre | endre wikiteksten]

Ser ein først overflatisk på årstala for dei viktigaste oppdagingsferdene, så ser ein kolonial fase, frå og med den spanske føydale koloniseringa av Amerika frå 1520, ut til å ha byrja mest utan forløp. Bartolomeu Dias opna med omseglinga av Kapp det gode håp i 1488 vegen til Det indiske havet, noko som gjorde det mogleg for Vasco da Gama å nå India med skip i 1498. Frå det indiske støttepunktet deira, Goa, klarte portugisarane å nå Malakka i 1509 og å erobre Malakka under Alfonso de Albuquerque i 1511. Columbus sin overfart over Atlanterhavet i 1492 førte til «oppdaginga» av Amerika.

Rett nok var det ei rekkje vitskapleg-tekniske framsteg og bestemte sosio-økonomiske omstende som gjorde at den verdshistorisk overmåte viktige europeiske ekspansjonen byrja nett på denne tida. Ei-årsaks-forklaringar ser ofte bort frå det store mangfaldet av føresetnader som ligg attom det spesifikke forløpet for den europeiske ekspansjonen.

Kor verdshistorisk viktig denne verdsomfemnande oversjøiske ekspansjonen var, skjøna folk alt då. Det amerikanske gullet og sølvet styrkte statsmaktene i Europa overfor dei konkurrerande adelege lokalmaktene, som i mellomalderen hadde hindra den seinare suvereniteten til statane/kongane. Sjølv den seinare industrielle revolusjonen i England kom i stor grad av dei økonomiske følgjene av ekspansjonen. Det var framfor alt dei vestindiske sukkerplantasjane-eigarane og slavehandlarane i Liverpool som kom med nødvendige midlar til oppbygginga av den engelske industrien. Slik skreiv Adam Smith i Wealth of Nations i 1776: «Oppdaginga av Amerika og farten til Austindia rundt Kap det gode håp er to av dei største og viktigaste hendingane historia til menneskeætta veit å fortelje om.»

Vitskaplege og tekniske føresetnader[endre | endre wikiteksten]

Idéen om å oppdage verda oppstod alt i antikken. Og alt pythagorearane i Italia erkjende kuleforma på jorda, ein idé som spreidde seg raskt i den greske antikken. Alt då hadde altså det danna seg ei førestilling om at ein ved å fare vestover over Atlanterhavet kunne kome til Asia. Trass i ulike avstandsførestillingar hadde Eratosthenes i ca 200 f.v.t. berekna det faktiske omfanget på jorda ganske nøyaktig. likevel var det i europeisk mellomalder framfor alt astronomi-læreboka til Ptolemeus som var mest kjend, og ho gav eit altfor lågt anslag. Colombus følte seg dermed oppmuntra til å kunne meistre den ikkje altfor lange vegen vestover til Asia. Vidare hadde mellomalderførestillingane om kor ugjestmilde områda i det fjerne nord og sør måtte vere, støtta på autoriteten til Aristoteles, ført til at ein heldt seg unna ekspedisjonar dit. Først oppdagingsferdene til dei portugisiske sjøfararane langs den afrikanske atlanterhavskysten på 1400-talet, førte til aukande tvil om dette framherskande meiningsbiletet. Særleg ekspedisjonane til Henrik Sjøfararen, som søkte etter direktevegar til dei afrikanske gull-lagra og slavane, for å omgå dei muslimske handelsmennene i Nord-Afrika, og den minkande autoriteten til Aristoteles i renessansen, gjorde endeleg ende på dei europeiske hemningane.

Kartografien som vart utvikla i antikken, var ikkje bra nok for lengre reiser. Først med karta til Gerhard Mercator frå 1569 vart problemet med projeksjon av kuleflata tilfredsstillande løyst på plane kart. Kartmaterialet før veik så mykje av frå røynda at bruken av dei var svært tvilsam. Vidareutviklinga av kartografien til å bli nyttig for større dimensjonar var viktig. Men i det 15. og førstninga av det 16. hundreåret var astronomisk kjennskap viktigare enn kartmateriale for å finne ut kor ein var. Som «himmelvegvisar» tente stjernekatalogar som alt astronomane i Alexandria hadde skissert. Å sjå med auga var likevel så unøyaktig at det var trong for å utvikle spesielle instrument for meir nøyaktig bestemming. I løpet av den tidlege mellomalderen var det eit tilbakefall i høve til stoda under antikken (kyrkjeleiarane kjempa til dømes hardt imot idéen om kuleforma på jorda), men hjå arabarane vart den greske arven teken vare på. Gjennom kontakt med arabarane, særleg i Spania, kom denne kunnskapen atter til Europa. Også persiske og indiske kunnskapar nådde Europa. «Toledotavlene» til den spansk-arabiske astronomen Al-Zarqali frå andre halvdelen av 1000-talet gjorde det mogleg å bestemme nøyaktig den daglege stillinga til himmel-lekamane, og dette saman med måling av sol-høgda og den kjende solnedstiginga den gjeldande dagen, gjorde det mogleg å rekne ut breiddegraden. Portugisiske sjøfararar frå 1400-talet nytta denne astronomiske nautikken, og Columbus var òg kjend med han.

Særleg instrumentforbetringa av astrolabium og kvadranten og oppfinninga av jakobsstaven til vinkelmåling vart tekne over frå arabarane og vidareutvikla av europeiske lærde. Også forbetra astronomiske almanakkar var vesentlege bidrag frå vestlege tenkjarar. Det same gjaldt kompasset, som var overteke frå Kina der det alt frå 1080 var i bruk, det vart ca 1200 kjent og forbetra i Europa, og var her seinast i 1270 i bruk. Også avviket til den magnetiske nordpolen frå den faktiske var truleg kjent før oppdaginga av Amerika i 1492.


Den viktigaste tekniske utviklinga gjaldt likevel havgåande skip. Galeiane til middelhavsfolka var ueigna til lengre havferder, men vikingskipa var eigna for røff sjø, attåt å vere slanke og lette. Dei vart likevel først på 1200-talet erstatta av dei mektige og tunge koggene, som var utvikla i Austersjøen. Desse vart kjende i Nord-Italia via baskiske sjørøvarar, og vart av italienarane utvikla vidare til eit større «rundskip» på 1400-talet. Dette avløyste då galeiane. På 1400-talet oppstod òg eit mindre, relativt langt skip på 50 til 100 tonn på Atlanterhavskysten, særleg kystane til Portugal og Spania. Desse var eigna for både sterke og svake vindar på grunn av ulik master-høgd. Og så vart rorpinnen overteken frå koggene, og denne letta arbeidet til styrmannen mykje samanlikna med tidlegare skip. Ut frå desse seinmellomalder. og tidlege nytidsutviklingane når det gjeld skipsbygging har det vore tala om at ein alt då hadde ein «teknisk kosmopolitisme» i Europa.

Sosioøkonomiske motiv[endre | endre wikiteksten]

Til det 11. hundreåret herska bysantinarane og sarasenarane over Middelhavet. Genoa og Pisa sin kamp mot faren frå sarasenarane, som dreiv mykje sjørøveri, gjorde slutt på herredømet deira. Sidan utøvde italienarane sjølve sjørøveri, særleg langs kysten av Litleasia. Det vart ofte skipa kaperselskap for å finansiere slike føretak, og ofte kunne ikkje piratverksemd og handelsverksemd skiljast åt. Innbyggjarane i Andalusia kapra mauriske skip og gjorde strandhogg på den afrikanske kysten, der dei røva og der dei tok fangar som vart slavar. Det var ei innbringande forretningsverksemd. Gjennom tilbaketrenginga av arabisk-syriske handelsmenn innan ramma av krosstoga, kunne dei italienske bystatane no òg drive handel meir direkte med Levanten og Orienten. Auken i det europeiske folketalet fram til den demografiske krisa midt på 1300-talet (Svartedauden) var òg ein spore til denne fjernhandelen.

Men tilgjenget til dei orientalske luksusvarene som var etterspurde i heile Europa (blant anna tepper og fargestoff) kunne framleis berre auke om ein gjekk via arabiske mellom-menn. Det var Egypt som kontrollerte handelen med arabiske og indiske varer. Rett nok var europeiske handelsmenn velkomne, men å fare vidare austover frå Kairo var forbode. Den såkalla «latinske handelsvegen» (også kalla «mongolvegen») som omgjekk denne muslimske blokaden var sidan slutten på 1300-talet sperra. Ved samanbrotet av det kjempedigre mongolriket, som vart grunnlagt av Djengis Khan, særleg på grunn av erobringane til Timur Lenk og den nasjonale revolusjonen til Ming-dynastiet i Kina, stengde denne handelsvegen for italienske kjøpmannskaravaner. Ekspansjonen til osmanarane på 1400-talet gjorde asiahandelen endå mykje vanskelegare for italienarane. Orienten var dermed stengd for europearane.


Slavehandel[endre | endre wikiteksten]

Framstillingar av slaveskip

Det baud seg ein innbringande geskjeft for italienarane i Levanten - slavehandel. I høgmellomalderen spreidde tanken seg at kristne ikkje kunne haldast som slavar, og stadig fleire folkslag hadde vorte kristna i Europa, derfor vart slavar ei knapp vare. Slavehandelen med Levanten tok seg derfor frå 1200-talet opp. Først leverte dei muslimske slavehandlarane slavar mest frå Krim, men frå 1400-talet mykje frå Balkan. Der tok dei muslimske osmanarane kristne som krigsfangar og selde dei så til i hovudsak italienske kjøparar, trass i forbodet mot å halde kristne som slavar. Katalanske slavehandlarar tok derimot offera sine mest frå Litleasia. Den osmanske erobringa av Konstantinopel i 1453 førte til nedgang i slave-leveringa frå Levanten og til prisauke i Italia. Europa orienterte seg då i retning slavar frå det svarte Afrika, først bringa til den nordafrikanske kysten av muslimske handelskaravaner, sidan importerte direkte frå det tropiske Afrika med skip.

Men no var ikkje dei norditalienske byane lenger leiande i slavehandelen - spanske kystbyar tok over. Kongeriket Castilla og Aragon hadde alt behandla krigsfangar under Reconquista som slavar, og røvar-tog inn i det muslimske riket Grenada var alt før 1400-talet vanleg. Vidare hadde dei der frå starten av finansiert koloniseringa ved slavehandel, då kongehuset ikkje hadde nok pengar, og det til å byrje med var lite rikdom å hente frå koloniane. Dei forretningsfolka som gjennomførte denne handelen tente så mykje på han at dei hadde stor interesse av slik rask vinst. Men legitimeringa var gjerne misjonering mellom dei bortførte slavane. Columbus tilbaud seg å sende så mange slavar til Spania at kostnaden ved oppdagingsreisa hans vart inndekt.

Men alt i 1500 vart det slutt på at Spania sende slavar til Europa, og i 1542 vart det forbode å halde som slavar amerikanske urinnbyggjarar i dei spanskkontrollerte områda. Dette var likevel eit resultat av at den amerikanske urbefolkninga alt var sterkt desimert på grunn av brutalitet, sjukdomar og uuthaldelege arbeidsvilkår under spanjolane. Ein hadde ikkje lenger nok arbeidskraft til gull- og sølvgruvene og plantasjane, så derfor byrja dei å sende svarte afrikanarar til Amerika for å ta over for indianarane.

Gullhandel[endre | endre wikiteksten]

Dessutan spela òg jakta på eit direkte tilgjenge til det segnomsuste gull-landet i Afrika ei rolle ved dei første portugisiske oppdagingsferdene langs den vestafrikanske kysten. Som slavehandelen var gullhandelen før i hendene på muslimske handelsmenn, som bringa gullet per karavane til kysten av Nord-Afrika og såleis i viss mon stetta også det europeiske behovet. I 1456 oppretta portugisarane det første handelssambandet til den afrikanske gull-sona. Frå 1475 blir gull i store mengder kjøpt ved bytehandel med det svarte Afrika, utan å gå omvegen om muslimske handelsmenn, og frakta med skip til Portugal. På grunn av dyre innkjøp av luksusvarer frå Orienten og kostnadskrevjande europeiske krigar vart det likevel samla sett framleis netto minking av gullmengda i Europa.

Krydder og fargestoff[endre | endre wikiteksten]

Attmed dei viktigaste handelsvarene, slavar og gull, dreiv òg europeisk etterspurnad etter krydder og fargestoff oppdaginga av Afrika vidare. Ein bruka såleis malagetta-pepar frå den såkalla peparkysten som erstatning for den langt dyrare ekte peparen frå Orienten. Etter dei portugisiske ekspedisjonane hadde nådd India, og med det letta importen av ekte pepar, vart handelen med malagetta-pepar mindre viktig. Til å farge tekstilar tente indigo og brasiltre (skaffa via muslimske mellom-menn frå Orienten), og no kom nye fargestoff frå Atlanterhavsøyane. Ved det kom det også i krydder- og fargestoffhandelen til ei tydeleg maktforskyving frå det austlege Middelhavet til Vesten.

Korn og sukkerrøyr[endre | endre wikiteksten]

På 1400-talet blir den innaneuropeiske småbondekoloniseringa i mellomalderen sakte avløyst av den kommersielle oversjøiske utflyttarekspansjonen. Féhaldet fekk ein oppgang i Spania etter Reconquista, men åkerbruket stagnerte. Då det samtidig var vekst i folketalet betydde det aukande mangel på brødkorn. Såleis var Portugal til dømes avhengig av kornleveransar frå Marokko. Etter koloniseringa av Madeira og Asorane, tente desse først som kornleverandørar. Men frå om lag 1460 vart kornet avløyst av den meir lukrative sukkerrøyrproduksjonen. Seinare innførte ein denne på Kanariøyane òg, slik at desse sidan også vart kalla «sukkerøyane».

Den sosioøkonomiske utgangsposisjonen ved starten av den europeiske ekspansjonen[endre | endre wikiteksten]

Å skaffe kapital til dei dyre oppdagingsferdene hadde vorte mogleg først etter at framsteg hadde skjedd i penge- og kredittvesenet. Det at dei første bankane vart etablerte, i dei norditalienske bystatane, gjorde samanføringa av store pengemengder til dei dyre oversjøiske foretaka enklare. Då det endå var usikre utsikter til forteneste, tok ofte staten over kostnadene for sjø-ekspedisjonane for å minke risikoen. Dei private foretaka tok for meste berre del i forsyninga av mat og bytevarer til skipa, og fekk for det ein fastlagd del av fortenesta frå erobringsferdene.

Pestkrisa på 1300-talet, flukten frå byane, og den følgjande agrarkrisa, var òg ei krise for adelen. Adelen hadde som følgje av forfallet i føydalstrukturane konsentrert seg om å bruke luksusvarer og ha ein standsmessig livsførsel for å oppretthalde statusen sin. Ved dei kaotiske tilstandane under Reconquista kunne adelen særleg i Castilla sikra seg store landsområde i gåve frå den spanske kongen. Også dei regelmessige raida inn i det som enno var mauriske landområde på den iberiske halvøya hadde vorte viktige inntektskjelder for desse. Adelen tok òg meir del i forretningsmessige foretak som tunfisk-handelen (som var like viktig som handelen med salt sild i Nord-Europa), og bygde for dette opp eigne flåtar. Ved oppdaginga av «Gullkysten» (Guinea) var derfor adelen sine skip med frå starten. Også busetjinga av dei atlantiske øyane vart byrja av den spanske kongen sine store vasallar, og først sidan kom krona sjølv med.

Også kristen misjonering var viktig for mange, attåt dei økonomiske interessene. Forestillinga om «erobring i Gud si teneste» spela ei rolle både i krosstoga, og i Reconquista på den iberiske halvøya. Rett nok var Reconquista starta alt på 700-talet. og var ikkje då for å utrydde dei vantru slik det var for krossfararane, berre for å vinne tilbake land. Men etter den portugisiske erobringa av Algarve i 1250 og den spanske erobringa av Granada, kom dei svært lønsame adelege røvartokta inn i resten av det mauriske riket. På grunn av desse stadige gjensidige militære åtaka mellom Spania og Maurarriket utvikla det seg ei hard ætt av krigarar og eventyrarar som «skatta nytinga i stunda meir enn økonomisk arbeid med resultat på sikt», som ein historikar har uttrykt det. Også av den grunn skaffa nettopp det andalusiske Spania dei fleste conquistadorane, som i indianarkrigane i Amerika kunne halde fram med den gamle livsstilen sin.

Legitimasjonsforsøk[endre | endre wikiteksten]

Den koloniale underlegginga av framande område vart grunngjeven og legitimert på ulike måtar. Etter som tida gjekk kom nye motiv til, som overbefolkning i Europa og religiøs forfølging som årsak til nybyggjarkoloniar særleg i Nord-Amerika. Det var òg strategiske grunnar - sikring av allereie oppretta koloniar og trafikkrutene til dei, ved oppretting av militær- og handelsstøttepunkt. Misjonering, det å spreie kristendomen ut til heile verda, vart sidan overført til siviliseringmotivet - det å gje dei tilbakeståande folkeslaga del i velsigningane til den europeiske kulturen («The White Man's Burden»). Som rettferdiggjering for tileigning av nye område tente for det meste ei påstått overlegenheit i europeisk kultur eller hjå den «kvite rasen». Når det gjeld Australia og delar av Amerika vart land erklært som ikkje busett, fordi det ikkje var statar der. Andre stader vart statar hærtekne, eller innlemma ved hjelp av handelssamband eller diplomati. Nybyggjarar frå kolonimakta bruka den beslaglagde regionen og fekk fleire rettar der enn dei innfødde.

I dei siste tiåra av 1800-talet slo så òg nasjonalistisk ekspansjontenking over i imperialistisk rivalisering, noko som førte til eit kappløp for erobring og herredøme over også dei siste ikkje-underlagde områda i verda - til bruk som forhandlingskort i makt-pokeren til dei europeiske stormaktene eller som symbol for nasjonal stordom.

Fleire av desse grunngjevingane verka i løpet av kolonihistoria ofte saman. I praksisen til dei europeiske statane dreia det seg derimot i hovudsak om utbytting av framande ressursar for å byggje opp eigen velstand, og å oppnå eller forsvare ein fordelaktig geostrategisk maktposisjon. Den fullstendige kontrollen over koloniane følgde ofte etter eit initiativ frå private selskap, som vart legitimert med at dei hadde rett til vern frå dei respektive moderlanda sine. Dei ville likevel først ha full kontroll frå moderlanda når det økonomiske engasjementet ikkje lønte seg meir eller var forbunde med høg risiko.

Historisk overblikk[endre | endre wikiteksten]

Som ei av drivkreftene for dei første europeiske oppdagingsferdene kan ein sjå den osmanske erobringa av Konstantinopel i 1453. Det styrkte osmanske riket kontrollerte no handelen med Kina og India, noko som førte til ei fordyring av ferdigvarer som porselen og krydder. Ved denne «blokaden» begynte europeiske lærde og sjøfararar å leite etter alternative sjøvegar til Asia. Ein annan grunn var handelspolitikken til byrepublikkane Venezia og Genoa, som i byrjinga av nytida i stor grad herska over Middelhavet, og danna kryddermonopol med det bysantinske riket, India og Kina.

Det koloniale hovudmønsteret var at europeiske statar erobra og utbytta andre kontinent - Afrika, Asia, Amerika, og Australia. Dei europeiske statane førte då råstoff som til dømes sukker, gull og diamantar ut frå dei koloniserte landa og heim til seg sjølve, utan å tilby noko tilsvarande verdifullt i bytte for det. Kolonitida var òg prega av vald mot og undertrykking av urinnbyggjarane, dei innfødde folkeslaga på desse kontinenta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Philip D. Curtin: The Black Experience of Colonialism and Imperialism; in: Sidney W. Mintz: Slavery, Colonialism and Racism, W W Norton & Co Ltd, 1975

Den tyskspråklege wikipediaen, art. Kolonialismus.