Den spanske marinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emblemet til den spanske marinen

Den spanske marinen (spansk Armada Española) er den maritime delen av det spanske forsvaret og ein av dei eldste aktive marinestyrkane i verda. Armadaen har mellom anna utført bragdar i verdshistoria som å oppdage Amerika, utføre den første jordomseglinga og oppdage sjøvegen frå Det fjerne austen til Amerika over Stillehavet (Urdaneta-ruta). I tre hundreår eskorterte den spanske marinen gallionkonvoiane i det omfattande handelsnettverket i Stillehavet frå Asia til Amerika og i Atlanterhavet frå Amerika til Europa. Den spanske marinen av den mektigaste styrken til sjøs i Europa frå tidleg på 1500-talet til midten av 1600-talet, og var ein av dei sterkaste i verda fram til tidleg på 1800-talet.

I 1987 bestod armadaen av 47 300 menneske, inkludert marinesoldatar, av desse om lag 34 000 vernepliktige.[1] I 2002 vart alle greinene av det spanske forsvaret fullstendig omgjort til profesjonelle styrkar.[2]. Dei største basane til den spanske marinen ligg i Rota, Ferrol, San Fernando og Cartagena.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den spanske marinen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]