Cartagena i Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cartagena
Flagget til Cartagena Byvåpenet til Cartagena
Flagget til Cartagena Byvåpenet til Cartagena
Kallenamn
«Kulturhamna»
Plassering
Cartagena i Spania is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Murcia
Provins Murcia
Grunnlagd 227 fvt.
Borgarmeister Pilar Barreiro
Geografi
Flatevidd
 - By

881,86 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

211 286
  239,6 /km²
Koordinatar 37°36′″N 0°59′″WKoordinatar: 37°36′″N 0°59′″W
Høgd over havet 10 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 30200-30300
Telefon-retningsnummer 968
Nettstad: www.cartagena.es

Cartagena er ein by i Spania ved Middelhavet og ein marinebase for den spanske marinen søraust på Den iberiske halvøya. Han ligg i den autonome regionen Murcia.

Cartagena har vore senter for den spanske marinen sidan Huset Bourbon tok over makta i Spania på 1700-talet. Heilt tilbake til 1500-talet var han ein av dei viktigaste marinebasane i Spania, i lag med Ferrol i nord. Byen er omringa av bymurar og har ei fin hamn som er forsvart av festningar.

Cartagena har kring 210 000 innbyggjarar og er den nes tstørste i regionen. Han er den sjette største byen i Spania av dei som ikkje er provinshovudstader og den 24. største totalt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Cartagena består av ei stor slette som grensar til kystfjella i både nord og sør. Gamlebyen grensar til fem små åsar (Molinete, Monte Sacro, Monte de San José, Despeñaperros og Monte de la Concepción). Tidlegare var det ein innsjø mellom åsane som heitte Estero, men denne tørka inn og ein bydel vart bygd her på byrjinga av 1900-talet.

Fyret Cabo de Palos

Klima[endre | endre wikiteksten]

Varmt og halvtørt klima dominerer området. Nærleiken til havet jamnar temperaturen ut. Den kaldaste månaden er januar med ein normaltemperatur på 12 °C og august er den varmaste med ein normal dagtemperatur kring 35 °C. Det kjem sjeldan meir nedbør enn 300 mm i året i Cartagena.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det romerske teateret i Carthago Nova i Cartagena.

Byen heitte opphavleg Mastia og hadde ei av dei beste hamnene i det vestlege Middelhavet. Han vart grunnlagd på ny av den kartagiske generalen Hasdrubal i 227 fvt. som Carthago Nova (Ny-Kartago), slik at det vart lettare å erobre Spania. Den romerske generalen Scipio Africanus erobra han i 209 fvt. Julius Cæsar gav byen latinske rettar og Octavian gav byen det nye namnet til ære for Julius Cæsar, Colonia Iulia Victrix N.C.

Molino del Campo de Cartagena

I 298 oppretta Diocletian ein ny romersk provins i Hispania som heitte Carthaginensis og la hovudstaden til Cartagena. Han vart verande ein viktig by fram til han vart øydelagd av vandalar i år 435. I romartida var det store sølvgruver ved byen. Han var òg kjend for produksjon av garum, ein gjæra fiskesaus, og for alfagras. [1]

Etter Romarriket fall vart byen styrt av vandalar (409-425), vestgotarar (425-550 og 624-714), austromarar (551-624), umayyadane (714-756), Kalifatet Córdoba (756-1031), Taifaen Denia (1031-1076), Taifaen Zaragoza (1076-1081), Taifaen Tortosa (1081-1092), almoravidane (1092-1145), almohadane (1145-1229) og Taifaen Murcia (1229-1245) før Kongedømet Aragon erobra byen i 1245.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hammond, N.G.L. & Scullard, H.H. (Eds.) (1970). The Oxford Classical Dictionary (s. 209). Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-869117-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cartagena