Ferrol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferrol
RiaFerrolAsteleiros.jpg
Flagget til Ferrol Byvåpenet til Ferrol
Flagget til Ferrol Byvåpenet til Ferrol


Plassering
Ferrol is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Galicia
Provins La Coruña
Grunnlagd Første hundreåret fvt.
Borgarmeister Vicente Irisarri
Geografi
Flatevidd
 - By

82,65 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

74 696
  903,8 /km²
Koordinatar 43°28′″N 8°15′″WKoordinatar: 43°28′″N 8°15′″W
Høgd over havet 0 - 50 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 15401 - 15406
Telefon-retningsnummer 981
Nettstad: www.ferrol.es

Ferrol er ein by i provinsen La Coruña i Galicia i Spania ved kyten av Atlanterhavet. Byen har kring 75 000 innbyggjarar og eit storbyområde som omfattar opp mot 250 000 innbyggjarar.

Byen har vore kjend for skipsverfta sine og har hatt ein av dei største spanske marinebasane sidan Bourbon-familien styrte landet. Før dette, på 1600-talet, var Ferrol det viktigaste våpenlageret i Europa. I dag er byen mest kjend for skipsverftet Navantia[1].

Byen er fødestad for den spanske generalen Francisco Franco i 1892 og vart offisielt kalla El Ferrol del Caudillo frå 1938 til 1982.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter menneske i området her frå førhistorisk tid. I romartida fasnt det ein fiskelandsby her i det første hundreåret fvt. Etter Romarriket fall, vart Ferrol plyndra av vandalar, og i 411 erobra av suebar. I 584 vart kongedømet deira innlemma i kongedømet til vestgotarane.[2]

Frå 711 til 739 vart han plyndra av arabarar og vart til slutt gjenerobra av den vestgotiske kongen av Asturias i 754 og vart verande ein del av det kristne Spania frametter.[3]

Huset Asturias oppretta ein utpost her for å verne seg mot arabarane, som stundom kom nordover for å plyndre området. I tillegg vart området plyndra av normannarar og vikingar på tokt. På 1300-talet gav Henrik II byen til den mektige Andrade-familien.[4]

Den spanske armadaen går til åtak på den engelske flåten

I 1568 vart byen råka av ein storbrann[5] som øydela mellomalderbyen og delar av festningsverka. Då Huset Bourbon kom til makta på 1700-talet, vart hamnebyen Ferrol ein av dei leiande marinebasane i landet[6].

Skipsverfta A Graña og Ferrol vart bygde mellom 1726-1783[7] og produserte skip verna med koparskjold frå Xubia.

Det var nesten umogeleg å setje opp ein blokkade utanfor Ferrol i seglskutetida på grunn av vedvarande sterk vestavind langs denne farlege kyststripa. Trass i desse fordelane vart forsvarsverka reduserte under Karl IV og i 1800 gjekk britane i land med ein flåte på 109 skip og gjekk til åtak på San Felipe-borga. Dette åtaket på Ferrol fann stad under napoleonskrigane i Europa, då spanjolane var venta å gå inn på franskmennene si side, som dei gjorde i slaget ved Trafalgar i 1805 [8]. Borga klarte deriomt å stå imot åtaket og flåten trekte seg attende.

Under den spanske sjølvstendekrigen vart spanjolane allierte med England, men dei klarte ikkje å hindre franskmennene i å ta byen i 1809.

Under Ferdinand VII mista Ferrol statusen som hovudstad, men det var likevel aktivitet i byen, og i 1858 vart det første spanske dampskipet bygd i Ferrol.

Fregatten KNM «Fridtjof Nansen» er bygd i Ferrol (2005)

Etter den spanske borgarkrigen vart skipsverfta i Ferrol overteken av staten og nasjonalisert i 1945. Frå 1938 til 1982 vart byen kalla El Ferrol del Caudillo, kalla opp etter Fransico Franco som var fødd her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ferrol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]