Den svarte krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den svarte krigen er namnet på ein konflikt mellom britiske kolonistar og tasmanske innfødde i Tasmania først på 1800-talet. Konflikten er illgjeten og blir rekna som eit folkemord, da han førte til mesta fullstendig utrydding av den tasmanske befolkninga.

Krigen vart aldri offisielt erklært, og dette har ført til variasjonar med omsyn til dateringa av kva tid han starta og slutta. Somme daterer konflikten til da europeisk nybygging på øya tok til i 1803. Konflikten var mest intens i 1820-åra, og det er desse åra som til vanleg blir kalla «Den svarte krigen». Han tok etter vanleg syn slutt i 1830-åra, etter at restane av den innfødde folkesetnaden vart deporterte til ei anna øy, Flinder's Island.

Konflikten er omdiskutert blant australske historikarar, blant anna når det gjeld talet på innfødde som vart drepne. Men den innfødde befolkninga i 1803 da den britiske koloniseringa tok til, er vanlegvis rekna til mellom 5 000 og 10 000. Og i 1833 var det 300 att, da dei vart deporterte til Flinders's Island.

Kjelde: Den engelskspråklege wikipediaen, artiklane Black War, Black Line og Tasmania.