Den syngande revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den syngande revolusjonen er ei nemning spesielt bruka om den folkelege mobiliseringa mot sovjetmakta i Estland, ein ikkjevaldeleg maktdemonstrasjon som la grunnlag for nasjonalt sjølvstende for Estland og dei andre baltiske landa.

Songfestivalane[endre | endre wikiteksten]

Den estiske songfestivalen har gjennom sin 140-årige historie fungert som estisk nasjonal opposisjon mot tsarherredømmet og sovjetstyret. Slik hadde estarane ein solid tradisjon for å bruke song og musikk for å fremje opplysing og mobilisere til folkeleg samhald. Spesielt var songfestane med store samlingar av korsongarar høvelege for å skape nasjonal samkjensle. I 1947, til den første songfestivalen etter andre verdskrigen, hadde Gustav Ernesaks sett tone til diktet «Mu isamaa on minu arm» ('Landet til mine forfedrar, landet som eg elskar'), skriven av Lydia Koidula. Songen vart gjennom sovjettida sungen som ei musikalsk forteljing om det estiske fridomshåpet.

I 1969, på hundreårsjubileet for den estiske songfestivalen, vart det lagt ned forbod mot å framføre songen. Likevel kunne ikkje dei sovjetiske styresmaktene hindre folket i å syngje songen, ikkje berre éin, men fleire gonger.

Jernteppet sprekk[endre | endre wikiteksten]

President Mikhail Gorbatsjov la med politikken sin, prega av «perestrojka» (økonomisk omstrukturering), «glasnost» (openheit med auka ytringsfridom) og «demokratsija» (politisk demokratisering), grunnlag for ei sterk rørsle for demokratisering og nasjonalt sjølvstende i dei baltiske landa.

Sommaren 1988 vart det arrangert ei rad songarstemne med fleire hundre tusen deltakarar. Desse songarstemna representerte startskotet for «den syngande revolusjonen». Demonstrasjonane i Tallinn i juni førte til at Vaino Väljas vart innsatt som ny partileiar etter den reformfiendtlege Karl Vaino. 23. august 1989 vart det, under femtiårsmarkeringa av Molotov-Ribbentrop-pakta frå 1939, danna ei lenkje av to millionar menneskje gjennom dei tre baltiske statane, frå Vilnius til Tallinn. Dei stod tett i tett og heldt kvarandre i hendene som eit uttrykk for kravet om sjølvstende.

Etter kvart som dei baltiske landa byrja handle uavhengig av styresmaktene i Moskva, vart det ved fleire høve sett inn sovjetiske troppar mot uvæpna demonstrantar som forsvarte dei lokale nasjonalforsamlingane, regjeringane eller kringkastingsstasjonane. Militære inngripen i demonstrasjonane førte til blodige sundagar både i Litauen og Latvia i januar 1991. Det vart sendt sovjetiske spesialtroppar til Estland òg, men det kom ikkje til blodsutgytingar der.

Den nesten heilt konsekvente ikkjevaldslina til dei som kravde sjølvstende, sette den sovjetiske troppeaktiviteten i eit svært dårleg lys, og det internasjonale presset mot president Gorbatsjov auka. I september 1991 såg seg nøydd til å akseptere fridomskravet frå dei baltiske landa. Dei baltiske statane Estland, Latvia og Litauen var dei første republikkane i Sovjetunionen som kravde og fekk sjølvstende. Mange baltarar kalla opprøret sitt for «den syngande revolusjonen», den estiske komponisten Veljo Tormis sa at estarane gjennom songen har gitt uttrykk for nasjonal identitet og at songen utgjorde Estlands fridomskamp.

Song for nasjonsbygging[endre | endre wikiteksten]

Under fridomskampen hadde baltarane bruka ein gammal tradisjon med store songfestivalar for å vise samhald og motstandskraft. Dei store songfestivalene vert enno bruke for å byggje oppunder den nasjonale samkjensla. Men den store russiske minoriteten har ikkje funne sin naturelge plass på songfestivalane etter frigjeringa. Det er i første rekke den estiske kulturen som er profilert og som har vunne fram gjennom den syngande revolusjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]