Den estiske songfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den estiske songfestivalen (estisk Laulupidu) er ein festival som vert arrangert i Tallinn, hovudstaden i Estland, i juli kvart femte år. Den siste vart arrangert i 2009, den neste er planlagt til 2011. Festivalane vert no haldne på songarfeltet i Tallinn.

I 2003 blei songfestivalen teken med på UNESCO si liste over viktig immateriell kulturarv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonen med songfestivalar kom i stand som ein del av den estiske nasjonsbygginga på 1800-talet. Den første vart arrangert i Tartu sommaren 1869. Ein av initiativtakarane var Johann Voldemar Jannsen. I den første festivalen deltok 822 mannssongararar og 56 instrumentalister. Frå og med den fjerde festivalen deltok òg blanda kor og i 1896 flytta arrangementet til Tallinn.

Songfestivalen spelte gjennom den syngande revolusjonen ein sentral rolle i den estiske frigjeringskampen, og etter frigjeringa har festivalen vore bruke til å mobilisere ein nasjonal identitet innan den estiske majoriteten i Estland.

Dei siste åra er arrangementet profilert som ein song- og dansefestival. Festivalen samlar titusenar av deltakarar og hundretusenar av tilhøyrarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]