Den vitskapelege komiteen for antarktisforsking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (Scientific Committee on Antarctic Research, forkorta SCAR) er ein komité under Det internasjonale vitskapsrådet som vart oppretta i 1958 i samband med Det internasjonale geofysiske året. Arbeidsområdet til SCAR er initiering, utvikling og koordinering av vitskapleg forsking i Antarktis. Den faglege verksemda i SCAR blir handtert av faste vitskaplege grupper, og SCAR gjev råd til dei konsultative møta under Antarktistraktaten og dessutan andre organisasjonar andsynes forsking og bevaring som påverkar forvaltinga av Antarktis og Sørishavet.

Delegatmøte i SCAR vert haldne annakvart år for å handtere administrative spurnader. Eit styre valt frå delegatane er ansvarleg for den daglege administrasjonen av SCAR gjennom sekretariatet ved Scott Polar Research Institute i Cambridge, England.

I forkant av delegatmøta arrangerer SCAR ein større open konferanse for å rette merksemda mot antarktisspørsmål, og dessutan møte i dei vitskaplege gruppene for slutthandsaming av forskingsprogramma for eventuell godkjenning av delegatane.

I 2002 mottok SCAR den prestisjefylte Fyrsten av Asturias-prisen for internasjonalt samarbeid.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fundación Príncipe de Asturias

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]