Scott Polar Research Institute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scott Polar Research Institute.

Scott Polar Research Institute (SPRI) er eit forskingssenter for polarforsking og glasiologi. Det er eit institutt under fakultet for geografi ved University of Cambridge i England. SPRI vart etablert i 1920 som eit nasjonalt minnesmerke over Robert F. Scott og mannskapet hans som omkom under tilbaketuren frå Sørpolen i 1912.

Instituttet gjennomfører forskingsaktivitetar innan miljøteknologi, samfunnsvitskap og humaniora som er relevante for polare strøk. Det er om lag 60 personar tilknytt instituttet, inkludert vitskapleg og administrativt personale og dessutan studentar og stipendiatar.

SPRI fungerer òg som sekretariat for International Glaciological Society og Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking, og er ein del av NERC Centre for Polar Observation and Modelling.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]