Det internasjonale geofysiske året

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det internasjonale geofysiske året, forkorta IGY (etter International Geophysical Year) var eit globalt samarbeidsprogram med 66 deltakande nasjonar som varte frå 1. juli 1957 til 31. desember 1958.

IGY omfatta geovitskapar som polarlys, kosmisk stråling, geomagnetisme, gravitasjon, ionosfærisk fysikk, avgjersle av lengd- og breiddegrader, meteorologi, oseanografi, seismologi og solaktivitet.

Resultata frå IGY førte til omskriving av mange geofysiske lovar og teorien om kontinentaldrift vart stadfesta. Dei første satellittane vart skotne opp, mellom dei den sovjetiske Sputnik. IGY var òg det tredje Polaråret og resulterte i etableringa av Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR) og danna grunnlaget for Antarktistraktaten som vart vedteke i 1959 og tredde i kraft to år seinare.[1] Dei første estimata av den totale ismassen på Det antarktiske kontinentet vart målbore.

I samband med IGY etablerte tolv nasjonar forskingsstasjonar i Antarktis. Noreg deltok med ein treårig ekspedisjon til Antarktis og etablerte Norway StationKronprinsesse Märtha Kyst. Noreg var òg involvert i 24 andre prosjekt på Svalbard, Jan Mayen, Norskehavet og dessutan på det norske fastlandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidslinje. Norsk Polarhistorie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]