Dennis Quaid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dennis Quaid

Dennis William Quaid (fødd 9. april 1954) er ein filmskodespelar frå Sambandsstatane.

Quaid vart fødd i Houston i Texas og studerte drama. Han forlet universitetsutdanninga etter at broren Randy Quaid fekk ein oscarnominasjon, og prøvde lykka i Hollywood-byen Los Angeles. Etter å ha slitt med å finna arbeid fekk han aukande merksemd gjennom Breaking Away (1979), publikumssuksessen Jaws 3-D (1983) og lovprisingar frå kritikarar gjennom The Right Stuff (1983). Quaid hadde hovudroller i Enemy Mine og Innerspace, og fekk ros for rolla som Jerry Lee Lewis i Great Balls of Fire! (1989). Quaid blei særleg kjend for det store smilet sitt, og spelte både i dramafilmar og komediar.

Først på 1990-talet fekk karrieren ein knekk då Quaid sleit med kokainmisbruk. Han fekk likevel ein del rosande omtale, og vann fleire prisar for Far From Heaven, der han spelte ein homofil ektemann på 1950-talet.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.