Ektemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prins Manga Bell, ektemann med fleire koner fotografert tidleg på 1900-talet.

Ektemann eller berre mann er saman med husbond og kall er nemningar brukte om ein mannleg ektefelle. I mange samfunn blir det forventa av ein mann at han skal gifta seg og bli ein god ektemann.

Juridisk stilling[endre | endre wikiteksten]

I likestilte samfunn er ein mann juridisk likestilt med ei hustru. I patriarkalske samfunn kan han ha delvis eller opp mot full mynde over kona og familien sin. I nokre matriarkalske samfunn kan ektemannen vera underordna kona. Ein ektemann kan ha betre høve til å ta ut skilsmål enn kona, men kan også ha mindre foreldrerett enn kvinna, og større plikt om å betala underhald om ein skulle skiljast.

Ansvar[endre | endre wikiteksten]

Arbeidskar med slegge. Det er vanleg å krevja at ein ektemann skal forsørgja familien sin gjennom eigedom eller arbeid.

Det blir ofte forventa at ein ektemann skal leva saman med og ha seksuell omgang med kona si. Ofte blir det venta at han skal visa truskap mot henne, men her har mange samfunn ofte noko mildare reglar for ektemenn enn for hustruer. Har han fleire koner kan det vera eit krav at han behandlar dei likt.

Ein ektemann kan ofte ha ansvar for å forsørgja familien han er overhovud for ved å skaffa mat og materiale eller middel til å kjøpa dei for. Ein måte å visa seg som ein god mogleg ektemake på kan vera å ha mykje eigedom, ein god jobb eller kunne betala ein brurepris. Mange ektemenn har også som ansvar å oppdra og utdanna ungane sine, særleg når dei er litt eldre.

Mynde[endre | endre wikiteksten]

I patriarkalske samfunn kan ein mann ha stilling som familieoverhovud. I likestilte samfunn venter ein at ei kone og ein mann blir samde om avgjerdsler som gjeld familien deira.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Josef blir gift med Maria. Han er kjend som ein oppofrande ektemann i Det nye testamentet.

Ein mann med stilling som familieoverhovud kan i mange høve også vera religiøs leiar for familien. I mange kristne samfunn kan han leia bibellesing eller familieandakt.

Andre omgrep[endre | endre wikiteksten]

Ein mann som er i ferd med å bli gift blir kalla brudgom. Ein ektemann kona er døydd frå blir kalla enkjemann.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.