Derwent Water
| Derwentwater | |
|---|---|
| Stad | Lake District |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilsig | Derwent, Watendlath Beck, Brockle Beck |
| Utsig | Derwent |
| Tilknytte land | England |
| Største lengde | 4,6 km[1] |
| Største breidde | 1,91 km |
| Overflateareal | 5,2 km² |
| Middeldjupne | 5,5 m |
| Største djupne | 22 m |
| Vassvolum | 29 x 106 m³ |
| Hydraulisk opphaldstid | 55 dagar |
| Kystlengd1 | 15,4 km |
| Høgd over havet | 75 moh |
| Øyar | Fire større og ni små (13) |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Derwentwater er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Borough of Allerdale i Cumbria.
Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.
Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.
Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.
Innhaldsliste |
Øyar i Derwent Water [endre]
Det er fleire øyar i Derwentwater, dei største av desse er Derwent Island, Lord's Island, St Herbert's Island, Rampsholme Island og Otterbield Island.
Panoramabilete [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Derwent Water» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, http://www.environment-agency.gov.uk/commondata/103196/1118608, henta 30. mars 2010