Lake District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellet Skiddaw, byen Keswick og Derwent Water sett frå Walla Crag.
Plasseringa til Lake District, i kvitt, i Nord-England

Lake District er eit fjellendt område og ein nasjonalpark i Nordvest-England. Det ligg i Cumbria og er den einaste staden i England der ein finn høgder over 3000 fot, det vil si drygt 900 meter, over havnivå. Området vart populært som turmål på byrjinga av 1800-talet, då diktarane William Wordsworth, Samuel Taylor Coleridge og Robert Southey skreiv om det. Dei tre vart kjent som Lake Poets.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området er omkring 55 km langt og breitt. Den siste istida enda for omkring 15 000 år sidan og etterlet det landskapet ein finn i parken, med breie u-dalar og mange innsjøar (lakes) som har gjeve namn til området. Dei høgastliggande områda er steinete, medan ein lenger ned finn myr med lyngvekst. Under tregrensa finst gammal eikeskog side om side med furu som vart planta ut på 1800-talet. På grunn av mykje nedbør i området er bakken ofte gjennomtrukken av vatn.

Det høgaste punktet i parken og i England, er Scafell Pike, med høgde på 978 moh..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lake District