Desko Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°37′S 72°23′W
Desko Mountains
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Palmer Land
 - koordinatar 69°37′S 72°23′W
Administrert under Antarktistraktaten
Desko Mountains is located in Antarktis
Desko Mountains (Antarktis)

Desko Mountains er ei fjellkjede på Rothschild Island, like nordvest for Aleksanderøya. Fjellkjeda strekkjer seg 20 nautiske mil (37 km) frå Bates Peak til Overton Peak og stig opp til kring 1 000 moh ved Enigma PeakFournier Ridge.[1] Andre fjell er Goward Peak, Schenck Peak, Morrill Peak og Thuma Peak.[2][3] I aust ligg Lazarev Bay, ei rektangulær bukt som skil austsida av Rothschild Island frå nordvestkysten av Aleksanderøya.

Fjella vart delvis sett på avstand av F. Bellingshausen i 1821 og av Jean-Baptiste Charcot i 1909, men detaljane var lenge ukjende. Fjellkjeda vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operasjon Highjump og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947 og kartlagd frå flyfotografi av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjellkjeda vart ytterlegare kartlagd av U.S. Navy sine flyfotografi, 1966, og Landsat-bilete i 1975. Dei vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser Daniel A. Desko i US Navy, befalshavande under Operasjon Deep Freeze, 1977.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Desko Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).