Aleksanderøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°0′S 70°0′W
Aleksanderøya
øy
none  Aleksanderøya ved Den antarktiske halvøya
Aleksanderøya ved Den antarktiske halvøya
stad Antarktis
 - koordinatar 71°0′S 70°0′W
Høgaste punkt Mount Stephenson
 - høgd 2 987 moh
Lengd 390 km
Breidde 80 km
Areal 49 070 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Aleksanderøya is located in Antarktis
Aleksanderøya (Antarktis)

Aleksanderøya, òg kjend som Alexander I Island, Alexander I Land, Alexander Land, Alexander I Archipelago og Zemlja Aleksandra I, er den største øya i Antarktis. Ho ligg i Bellingshausenhavet vest for Palmer Land i Den antarktiske halvøya. Mellom øya og halvøya ligg Marguerite Bay og George VI Sound. George VI isbrem fyller heile George VI Sound og knyt Aleksanderøya fast til Palmer Land. Øya ligg delvis kring Wilkins Sound, som ligg i vest.[1] Aleksanderøya er om lag 390 km lang frå nord til sør, er 80 km brei i nord og 240 km brei i sør.[2] Aleksanderøya er den nest største folketomme øya i verda etter Devonøya og har eit areal på 55 247 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aleksanderøya vart oppdag 28. januar 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som gav ho namnet Aleksander I Land etter den regjerande tsaren Aleksander I av Russland, men vart trudd å vere ein del av det antarktiske fastlandet fram til 1940. At det var ei øy vart bevist i desember 1940 av eit selskap på slede under Finn Rønne frå U.S. Antarctic Service.[2] I 1950-åra vart ein britiske base administrert som ein del av Britisk Antarktis vart bygd som Fossil Bluff (Base KG).[3]

Øya vert i dag nytta som eit meteorologisk senter og forsyningsbase. Storbritannia har gjort krav på øya som ein del av Britisk Antarktis, og det same har Chile og Argentina som ein del av høvesvis Chilensk Antarktis og Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Aleksanderøya er stort sett dekt av is. Enkelte nunatakar bryt opp av isflata og det finst nokre få isfrie område, som Ablation Point Massif. Nunatakane er fjelltoppar som strekkjer seg frå nord til sør langs øya. Desse omfattar mellom andre Colbert, Havre, Lassus, Rouen, Sofia University og Walton mountains, samt Staccato Peaks, Lully Foothills, Elgar Uplands og Douglas Range. Desse fjella, toppane, åsane og høglanda er omringa av eit permanent isdekke som består av isbrear som flyt ned frå Aleksanderøya. Desse breane flyt vestover og ut i Bach og Wilkins isbrem og Bellingshausenhavet, og aust ut i George VI isbrem. George VI isbrem får is frå både isbrear i Palmer Land og Aleksanderøya.[1][2][4]

På Aleksanderøya ligg Hodgson Lake. Han er ein tidlegare subglasial innsjø som har dukka opp frå under isdekket. Han er 2 km lang og 1,5 km bre og har ei 93,4 m djup vassøyle som ligg under eit 3,6 til 4,0 meter tjukt fleirårig isdekke. Nordsida av innsjøen grensar til Saturn Glacier, som flyt austoevr til George VI Sound. Under siste glasiale maksimum var Hodgson Lake dekt av eit isdekke som var minst 470 meter tjukt. Dette isdekket starta å smelte kring 13 500 år sidan. Det trekte seg attende og Hodgson Lake vart berre dekt av det tynnare isdekket sitt for kring 11 000 år sidan.[5][6]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Utanom ei 10-30 km lang stripe langs austsida, er grunnfjelelt dekt av eit isdekke. Bergartane som utgjer Aleksanderøya består av ei kompleks sampling av metasedimentære og metavulkanske bergartar. Desse bergartane, der ein lokalt finn vulkanske bergartar som intrusjon eller lagt over bergartane, vert kalla Lemay-gruppa. Dei består av turbidittis sandstein (subgråvakke og arkose) innlagra med sekundær siltstein, leirstein, tuff, vulkanoklastisk sedimentær bergart, agglomerat og konglomerat, som alle har gått gjennom metamorfose til prehnittpumpellyitt til blåskifer facies. Desse metasedimentære bergartane inneheld dårleg bevarte ammonittar, pelecypodar, gastropodar, radiolarier og fragmenterte plantefossil. LeMay-gruppa består òg av spreidd skiver av havbotn, havøyar og undervassfjell i samband med forkastingar, som inneheld putebasaltar, vulkanoklastisk sedimentærar bergartar og chert. Bergartane som utgjer LeMay-gruppa er asymmetrisk folda og skyveforkasta i vest, med kaotiske sonar og og mange like gamle mjuksedimentdeformasjonar. Basert på biostratigrafi, er den eldste kjende bergarten i LeMay-gruppa frå nedre juratida og opp til sein nedre kritt-tida. Dei eldste bergartane i gruppa kan gå heilt attende til karbontida (350–260 million år sidan). LeMay-gruppa er tolka til å vere ei samanvoksingsprisme som vart bygt ut frå vestsida (framsida) av ein langvarig magmatisk boge med røter som no er eksponert på Den antarktiske halvøya, mellom tidleg juratida og paleocen, då subduksjonen stoppa opp.[7][8][9]


Den austlegaste 10 til 30 km breie stripa av Aleksanderøya er underlagt av ein 7 km tjukk sekvens av særs forsteina, grunne marin til subæril fluvial sandstein, leirstein og konglomerat av Fossil Bluff-gruppa. Det marine laget i Fossil Bluff-gruppa inneheld mange amonittar, belemnittar, gastropodar, pelecypodar og andre marine fossil. Dei øvre fluviale sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa inneheld fossile skogar med ståande tremstammer så høge som 5,5 meter, andre plantefossil og tilknytte paleosolar som ved Citadel Bastion. Desse sedimentære bergartane hari røynda ikkje gått gjennom metamorfose og er berre lett folda. Dei er påverka av horisontalforkasting, normal forkasting og skyveforkasting til forskjellige tider. Ut frå fossila ein har funne veit ein at Fossil Bluff-gruppa er akkumulert over ein tidsperiode frå tidleg i juratida til midten av kritt-tida. Dei sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa ligg diskordant over kvarandre og er forkasta mot LeMay-gruppa.

Ein har funne to forskjellige grupper vulkanske bergartar på Aleksanderøya. Ei gruppe består av vulkanske og plutonske bergar frå sein kritt-tid til paleocen. Dei ligg diskordant overkvarande og har trengt inn i metasedimentære og andre bergartar i LeMay-gruppa og dei sedimentære bergartane i Fossil Bluff-gruppa. Somme av desse vulkanske bergartane besstår av særeigne magnesium-rike andesittar, som vart skapt av subduksjon frå ein segmentert eldgamal midthavsrygg for kring 80 million år sidan. Til slutt er det fleire mindre frambrot av neogene alkaline vulkanske bergartar, som vart sanna etter subduksjonen stoppa opp.[8][9][10]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stewart, J. (2011) Antarctic An Encyclopedia McFarland & Company Inc, New York. 1776 s. ISBN 9780786435906.
  2. 2,0 2,1 2,2 U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Aleksanderøya
  3. http://www.antarctic.ac.uk/about_bas/our_organisation/eid/archives_met_list.pdf
  4. Smith, J.A., M.J. Bentley, D.A. Hodgson, and A.J.Cook (2007) George VI ice shelve: past history, present behaviour and potential mechanisms for future collapse. Antarctic Science 19(1):131–142.
  5. Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, J.A. Smith, J.S. Johnson, E. Verleyen, W. Vyverman, A.J. Hodson, M.J. Leng, A. Cziferszky, A.J. Fox, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper I. Quaternary Science Reviews. 28:23-24:2295–2309.
  6. Hodgson D.A., S.J. Roberts, M.J. Bentley, E.L. Carmichael, J.A. Smith, E. Verleyen, W. Vyverman, P. Geissler, M.J. Leng, and D.C.W. Sanderson (2009) Exploring former subglacial Hodgson Lake, Antarctica Paper II. Quaternary Science Reviews. 28:23-24:2310–2325.
  7. Macdonald, D.I.M. and P.J. Butterworth (1990) The stratigraphy, setting and hydrocarbon potential of the Mesozoic sedimentary basins of the Antarctic Peninsula. in B. John, ed., s. 101-125. Antarctica as an exploration frontier; hydrocarbon potential, geologi, and hazards. AAPG Studies in Geology. vol. 31 American Association of Petroleum Geologists, Tulsa,Oklahoma.
  8. 8,0 8,1 Macdonald, D.I.M., P.A. Doubleday, and S.R.A. Kelly (1999) On the origin of fore-arc basins; new evidence of formation by rifting from the Jurassic of Alexander Island, Antarctica. Terra Nova. 11(4):186-193,
  9. 9,0 9,1 Vaughan, A.P.M., and B.C. Storey (2000) The eastern Palmer Land shear zone: a new terrane accretion model for the Mesozoic development of the Antarctic Peninsula. Journal of the Geological Society. 157(6):1243-1256.
  10. McCarron, J.J., and J.L. Smellie (1998) Tectonic implications of fore-arc magmatism and generation of high-magnesian andesites: Alexander Island, Antarctica. Journal of the Geological Society. vol. 155(2):269–280.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksanderøya