Det egyptiske museet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudinngangen til det egyptiske museet.

Koordinatar: 30°2′52″N 31°14′0″E Det historiske museum i Kairo, også kjend som Det egyptiske museet, husar ei stor samling av oldsaker og mumiar frå det gamle Egypt. Det er den største samlinga i verda av antikvitetar ifrå denne perioden. Mykje av dette er på lager, men med eit representativt utval til utstilling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Museet sett frå Kairotårnet.
Foto: Gérard Ducher

Det noverande museumsbygget står ved Tahrir plass og vart etablert der i 1902. Før den tid hadde museet vore flytta fleire gonger, som eit resultat av plassproblem og dårleg plassering.

Den egyptiske stat etablerte museet, det første bygget oppført i 1835 nær Ezbekeyah-hagane. Etterkvart blei dette byggverket for smått til å halde på alle gjenstandane. Det nye museet vart flytta til breidda av Nilen i Boulaq i 1858. Dette museet vart øydelagt av flaum i 1878 og ein flytta gjenstandane til eit anna museum i Giza. Dette var siste lokalet før ein flytta til der det står no. Over flyttingane har det egyptiske museet også fått med seg gjenstandar som har stått på vertsmuseet. Dette har bidratt til å gje fleire statuer.

Museet er i dag ein større attraksjon for turistar, som og gjerne besøkjer Citadellet.

Museet og samlinga[endre | endre wikiteksten]

Frå inngangen til museet.
Foto: Gérard Ducher

Museet husar 120 000 små og store gjenstandar. Fleire faraoar frå dei nyare dynastia er vist fram, med innhaldet i grava til Tut Ankh Amon som høgdepunktet. Årleg er det kring 2,5 millionar besøkjande.

På grunnplanet av museet er det vist fram ei stor samling av papyrus og myntar. Dei fleste papyrusane er redusert til mindre fragment, ettersom tusenåra har slitt på dei. Mellom andre språk som er brukt på papyrusane er gresk, latin, arabisk og hieroglyfar ifrå oldtidsegypt. Myntane er lagd av forskjellige grunnstoff, som gull, sølv og bronse. Handelen i oldtida brakte fleire myntar inn til Egypt, som greske, romerske og islamske.


Vidare er det fleire ting ifrå det Nyare Kongeriket, tidsperioden mellom 1550 og 1070 f.Kr. Dette er gjerne større objekt, som statuer, bord og kister. Mellom andre blir det vist fram gjenstandar ifrå gravkammera til Tutmosis III, Tutmosis IV, Amenophis II, Hatshepsut og Maherpen. Fleire objekt er frå Kongedalen.

Grava til Tut Ankh Amun[endre | endre wikiteksten]

Farao Tut Ankh Amon si gyldne maske.

Faraoen Tut Ankh Amon si grav vart funnen i ein godt bevart tilstand, langt betre enn andre graver til faraoane. Over 3 500 gjenstandar vart funne inne i den, ifrå ei dekorert gravkiste, smykke i elfenbein og gull, til vaser av alabast og flasker. Grava hadde fleire våpen og instrument som var brukt av kongen. Fleire av gjenstandane er no utstilt på museet.

På grunn av dette store funnet er Tut Ankh Amon ein av dei mest kjende faraoane i dag. Sjølv om det var ei stor samling i grava, var den ikkje funnen heilt intakt. Ein meiner at to røveri skjedde, mens grava endå var relativt ny.

Den mest kjente arkeologiske gjenstanden var Tut Ankh Amon si gyldne maske, som låg oppå mumiefjeset. Maska veg 12 kilo av solid gull og ein går ut frå at ho viser korleis faraoen sitt andlet eigentleg såg ut. Også denne ligg på det historiske museet.

Bilete frå samlinga[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det egyptiske museet